Til no i år har rundt 220 soldatar og andre tilsette i forsvaret fått halvparten så mykje kvile heime i Noreg som det NATO vil at dei skal ha.
Faremo seier ho er stolt over innsatsen dei norske soldatane gjer i Afghanistan, og hat ho no vil sjå på om ho kan hindre at dei blir sende til Afghanistan for ofte.
Vurderer tiltak
– Eg er audmjuk overfor dei pliktene vi har teke på oss, og dermed også dei løysingane som vi fortløpande må vurdere om er gode nok, seier ho.
Om ein skal følgje retningslinjene frå NATO, får ikkje norske soldatar som tenestegjer i Afghanistan, bearbeide inntrykk og trene seg opp igjen.
- Les også:
Krev meir pengar
Mange blir sende ut på nye oppdrag lenge før kviletida er over. Forsvarspolitisk talsmann i Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen, meiner forsvarsministerene må spytte inn meir pengar for å sikre at soldatane får nok kvile.
– Om det er slik at dei folka vi skal ha til å gjere ein jobb for oss ute, faktisk på grunn av slitasje, ikkje kan gjere det godt nok, då bør det vere eit alvorleg varsko, primert for regjeringa, seier han.