Hopp til innhold

Seier ja til datalagringsdirektivet

Regjeringa vil ha det europeiske datalagringsdirektivet også i norsk lovverk. Men SV og Senterpartiet tar dissens i saka.

Senterpartiet og SV tar dissens mot regjeringa

SV-leiar Kristin Halvorsen og Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete vil ikkje følgje statsminister Jens Stoltenberg og Arbeiderpartiet til Datalagringsdirektivet.

Foto: Andersen, Aleksander / SCANPIX

Knut Storberget

Justisminister Knut Storberget (Ap) vil styrke rettane til politiet.

Foto: Holm,Morten / SCANPIX
 Jonas Gahr Støre (Ap)

Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) peikar på at regjeringa skjerpar kontrollen med når politiet får tilgang.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX
Helge Solum Larsen, Venstre

Nestleiar i Venstre Helge Solum Larsen åtvarar Høgre mot å følgje Arbeidarpartiet.

– Vi ønskjer å kjempe mot alvorleg kriminalitet samtidig som vi styrkjer personvernet, seier justisminister Knut Storberget (Ap) om lovforslaget .

Regjeringa føreslår at lagringstida blir sett til 12 månader, men at det vil vere opp til kvar enkelt teleoperatør å velje lagringsløysing.

Storberget peikar på at innsatsen som politiet gjer mot alvorleg kriminalitet, ikkje skal gå ut over personvernet.

Sp og SV tar dissens

Det trur ikkje senterpartileiar Liv Signe Navarsete er mogleg. Hennar parti tar dissens mot datalagringsdirektivet saman med Kristin Halvorsen og SV.

– Vi tar denne dissensen fordi vi meiner at nytten med datalagringsdirektivet ikkje står i samsvar med det ein oppnår i kampen mot kriminalitet, seier Navarsete til NRK.

Halvorsen er redd for at om vi opnar for lagring, vil det føre med seg meir i framtida.

– Eg er redd vi kjem på ei sklie, der stadig fleire vil krevje tilgang til informasjon, seier ho.

SV-leiaren meiner datalagring kan gå ut over integriteten til private.

– Det at ein veit at data blir lagra, kan føre til at folk legg band på seg, seier ho.

– Politiet treng dette

Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner datalagringsdirektivet vil vere viktig for politiet også i Noreg.

– Vi kan gi politiet dei same sjansane som andre politi i Europa til å etterforske alvorleg kriminalitet. Det gjeld også for det som skjer via elektroniske nett, der dette er ein viktig del av etterforskinga, seier han til NRK.

Støre peikar på at regjeringa vil skjerpe kontrollen med når politiet kan gripe inn og at det må ein domstol til for at dei får tilgang til desse data.

– Det er ikkje innhaldet i samtalane våre som skal bli lagra, men data for når og kvar dei har skjedd. Dette bør også politiet i Noreg ha tilgang til, når politiet har det elles i Europa. Om ikkje blir politiet i Noreg svakare stilte, og det er vi ikkje tente med, meiner han.

Opp til Høgre

Alle parti på Stortinget, sett vekk frå Høgre, er imot Datalagringsdirektivet. Arbeidarpartiet er avhengige av å få stemmene deira for å gå fleirtal.

Venstre meiner Høgre må passe seg for å gje støtte til Ap i saka.

– I denne saka kan ingen ha forventingar til Arbeidarpartiet, men det må vere råd å vente meir av Høgre, seier nestleiar Helge Solum Larsen, som er styremedlem i organisasjonen Stopp Datalagringsdirektivet.

Han meiner det må vere urovekkande for alle, også for Høgre, å sjå kor ofte personopplysningar hamnar på avveie.

– Direktivet innfører eit nytt prinsipp om at alle for sikkerheits skuld skal bli overvaka heile tida, seier Solum Larsen.

AKTUELT NÅ