Domkyrkja i Oslo var fullsett då kyrkjeklokkene kl.15 markerte starten på festgudstenesta til ære for kronprinsparet.
Kronprinsesse Mette-Marit oppsummerte korleis paret opplevde jubileumsgudstenesta då den var ferdig:
– Me har hatt ein veldig, veldig fin dag. Det var utruleg fint å koma tilbake til den plassen me gifta oss på for ti år sidan, ei spesiell oppleving, sa kronprinsessa som stilte i ein kvit, sommarleg drakt.
- LES OGSÅ: Ti år siden bryllupet
200 heldige fekk billett
Heile den norske kongefamilien, mora og syskena til kronprinsesse Mette-Marit, svenske kronprinsesse Victoria og prins Daniel, statsminister Jens Stoltenberg og fleire andre statsrådar og partileiarar var til stades.
I tillegg hadde kronprinsparet invitert vener, stab og folk frå hjelpeorganisasjonar og mijø som kronprinsparet har samarbeidd med i mange år. 200 representantar for folket fekk også sjå gudstenesta frå kyrkjebenken i Oslo Domkyrkje.
Etter gudstenesta fortsette markeringa med hiphop-konsert og talar på Universitetsplassen. I kveld held kongeparet ein privat middag på Slottet.
- SJÅ DOKUMTAREN: Tro, håp og kjærlighet med kronprinsesse Mette-Marit
Ingrid Alexandra og Marius las
Inngangssalmen var «Å leva det er å elska». Biskop i Oslo bispedømme, Ole Christian Kvarme gav 10 års-jubilantane varme gratulasjonar.
– Me gratulerer kronprinsparet med 10 år, og heile familien med bryllaupsdagen. Me takkar for at dei har trekt oss med i samtalar om det viktige i livet. Me ser fram til at det vil halda fram, at mange vil dyrka den gode samtalen som me no (etter 22.juli, journ.anm.) treng meir enn nokosinne.
Sveriges kronprinsesse Victoria las tekstar frå bibelen. Det gjorde også Mette-Marit sin son Marius Borg Høiby og prinsesse Ingrid Alexandra:
– Han gjev den trøytte kraft, og den som ingen krefter har, gjev han stor styrke, las prinsessa frå Esaias, kapittel 40 vers 29.
- SJÅ OGSÅ: Håkon og Mette-Marit giftar seg i 2010 (nett-TV)
Livsvisdom frå Stålsett
Gunnar Stålsett, biskopen som vigsla kronprinsparet den 25.august 2001, stod for preika.
«Kjære kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit (...). De er ikkje redde for å seia at den første kjærleiken har halde seg gjennom ti modningsår.
(..) De er på ei livslang reise. Kursen framover er plotta inn, men den er open, Ruta er fastlagd, men må skapast. Det er viktig å kunne ha styring i stormvêr (...) Ein obligatorisk tiårssjekk kunne ha hjelpt oss alle til å justera kursen og farten, og til å friska opp viljen til kjærleik, finna forankring i oss sjølve. I dag gjev de oss alle høve til det».
Susanne Sundfør, Ingrid Olava og Solveig Slettahjell bidrog med musikalske innslag under gudstenesta.
I tillegg spelte jazzmusikaren og komponsisten Jan Garbarek den same marsjen som han spelte då kronprinsparet vart smidd i hymens lenkjer for ti år sidan - Bruremarsj frå nord-Gudbrandsdalen.
Fondet også 10 år
Kronprinsparet feirar ikkje berre sitt eige jubileum i dag. Kronprinsparets Fond vart stifta i samband med bryllaupet og fyller også ti år. Gjennom fondet arbeider kronprinsen og kronprinsessa med samfunnsretta saker som dei er opptekne av.
I løpet av dei fem neste åra skal fondet ha fokus på ungdom, opplyste paret i dag. Like etter gudstenesta inviterte dei difor til ungdomskonsert på Universitetsplassen i Oslo med hiphop-bandet og dansegruppa Gatekunst 4.
– Alle treng å bli sedde. Gjennom arbeidet med fondet ønskjer me å sjå moglegheitene som bur i kvar og ein. Sjå potensialet, talentet, viljen, gnisten og ikkje minst sjå styrken. Alle har sine unike ressursar, det gjeld berre å henta dei ut, sa kronprinsesse Mette-Marit til eit begeistra, ungt publikum på Universitetsplassen.