Hopp til innhold

22.juli-komiteen kallar politiet og forsvaret inn på teppet

Den mangelfulle helikopterberedskapen, dårleg sikring av terrormål og tips om ein ukultur i politiet er blant tema som står på tapetet når 22.juli-komiteen i dag inviterer til høyring på Stortinget.

Knut Arild Hareide

Knut Arild Hareide står i spissen for 22.juli-komiteen på Stortinget. Onsdag vil han ha svar frå politiet, forsvaret og PST på korleis me raskt kan bli betre rusta mot terrorhandlingar på norsk jord.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Justisministeren og Forsvarsministeren orienterte den 10.november i fjor Stortinget om detaljane kring det som skjedde terrordagen 22.juli, og korleis norske styresmakter responderte på åtaka.

22.juli-komiteen på Stortinget skal no sjå nærmare på informasjonen og forslaga som statsrådane kom med.

Komitè-leiar Knut Arild Hareide (Krf) inviterer i dag sentrale personar til open høyring på tinget for å kasta meir lys over beredskapen 22.juli.

Vil ha betring på kort sikt

Dei som skal opp på talarstolen er forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap), forsvarssjef Harald Sunde, Justisminister Grete Faremo, PST-sjef Janne Kristiansen og fungerande politidirektør Vidar Refvik.

– Me har fokus på kva norske styresmakter kan gjera for å betra beredskapen og tryggleiken i landet. Justissektoren, forsvaret og PST har sentrale roller i det spørsmålet, seier komitè-leiar Hareide til NRK.

Onsdag vil Hareide ha fokus på kritikkverdige punkt som det er mogleg å gjera noko med på kort sikt:

  • Tiltak som kan styrkja samarbeidet mellom forsvaret og politiet for å unngå lang responstid og uklare ansvarsområde
  • Situasjonen rundt riksalarmen. Då politiet omsider slo riksalarm, 77 minutt etter at bomba gjekk av i Regjeringskvartalet, fungerte ikkje alarmen
Politihelikopter/regjeringskvartalet

Politihelikopteret stod på bakken då terroren råka den 22.juli. Det vil bli tema under høyringa onsdag.

Foto: Scanpix

For dårleg responstid

Under utgreiinga i november i fjor, la justisministeren og forsvarsministeren fram sju hovudpunkt som dei meiner bør bli gjenstand for politisk diskusjon framover:

  1. Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme
  2. Metodebruken til Politiet si tryggingsteneste (PST)
  3. Responstida til politiet
  4. Kommunikasjon i naudetatane
  5. Vern av utsette objekt
  6. Samhandlinga mellom politiet og Forsvaret
  7. Omsorg for og oppfølging av offer og pårørande

Dåverande justisminister, Knut Storberget (Ap), sa blant anna at naudnettet ikkje fungerte som det skulle 22.juli.

Video Møte i Stortingets 22. juli-komite

DIREKTE FRA KL: 11.15: NRK sender hele høringen fra Stortinget.

Han etterlyste også ein debatt rundt responstid i beredskapsetatane, og tok til orde for eit nytt beredskapssenter i Oslo for å betre kunne samkøyra fleire etatar i kampen mot terror.

Forsvarsministeren problematiserte at Heimevernet treng grønt lys frå politisk hald før dei kan bistå politiet. Ho varsla ei mogleg endring av forsvarsinstruksen, for å unngå at HV-utrykningar blir ståande på vent når alvoret rammar i framtida.

– Stort og viktig arbeid

22.juli-komiteen har 17 medlemmer frå alle stortingspartia.

Hareide seier det neppe blir tid til ein grundig gjennomgang av alle sju punkta under høyringa onsdag, men lovar at dette vil bli gjort i den endelege innstillinga, som dei skal levera i månadskiftet februar/mars.

– Dette er eit stort og viktig arbeid som me kjem til å bruka mykje tid på i løpet av heile februar, seier komitè-leiar Hareide.

Komiteen inviterer til debatt i Stortinget den 8.mars, etter at komiteen er ferdig med sitt arbeid.

AKTUELT NÅ