Hopp til innhold

Mohyeldeen Mohammad pågripen for trugselvideo

Politiets tryggingsteneste (PST) har i dag pågripe Mohyeldeen Mohammad for trugselvideoen på YouTube.

Mohyeldeen Mohammad var ein av arrangørane av demonstrasjonen

Mohyeldeen Mohammad var ein av arrangørane av demonstrasjonen for to år sidan som skapte store medieoppslag grunna terrortrugslar mot Noreg.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Det var ABC Nyheter som først meldte at det er det den 26 år gamle Mohyeldeen Mohammad som er pågripen. Han skal ha blitt arrestert i heimen sin i Larvik. Han vart så køyrd til Oslo.

PST stadfesta først på Twitter at dei har pågripe ein mann, men dei vil ikkje gå ut med kven han er.

John Christian Elden

John Christian Elden er forsvararen til Mohammad.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix
Mohyeldeen Mohammad

Mohammad (t.h.) på vei ut etter eit avhøyr på Larvik politistasjon i 2010. Då vart han pågripen for å ha kome med trugslar mot Dagbladet.

Foto: Teigen, Trond Reidar, Trond Reidar Teigen / Scanpix

– Me har twitra om at ein mann er pågripen, men noko meir enn det vil me ikkje seie av omsyn til etterforskinga, seier informasjonssjef i PST, Martin Berntsen, til NRK.no.

Etter det NRK kjenner til sit Mohammad i avhøyr akkurat no for brot på straffelova paragraf 99.

John Christian Elden er forsvararen til Mohammad, og stadfestar over NRK.no at klienten hans vart pågripen i ettermiddag. Mohammad innrømmar ikkje å ha gjort noko ulovleg.

– Han nektar å ha gjort seg skuldig i noko som helst anna enn å utøve demokratiske rettar ved å demonstrere, seier Elden.

Skapte mediestorm i 2010

26-åringen markerte seg sjølv i nyheitsbiletet i 2010 i samband med demonstrasjonane som oppsto etter at Dagbladet trykte ei karikaturteikning av profeten Muhammed.

Under eit arrangement på Universitetsplassen i Oslo sa han blant anna i appellen sin: «Når vil norske styresmakter forstå alvoret i dette her? Kanskje ikkje før det er for seint. Kanskje ikkje før me får eit 11. september på norsk jord. Dette er ingen trugsel, det er ein åtvaring.»

Under den same demonstrasjonen forsvarte han drap på homofile.

For snart to veker sidan deltok han i demonstrasjonen utanfor Stortinget mot norske soldatar i Afghanistan, saman med blant andre Arfan Bhatti.

Vestfold politidistrikt seier til NRK.no at dei ikkje er involverte i saka på noverande tidspunkt.

– Me har ingen informasjon om dette, seier operasjonsleiar Jan Kristian Johnsrud.

21-åring pågripen

Video Trusselvideo mot regjeringen og kongehuset

Blant anna Jens Stoltenberg vart hetsa i videoen som vart lagt ut på YouTube for nokre veker sidan.

Foto: Nyhetsspiller

20. januar vart ein 21 år gammal mann frå Skien pågripen for å ha stått bak den samme YouTube-videoen, som skapte store medieoppslag i Noreg i januar.

Mohyeldeen Mohammad har tidlegare kome med støtteerklæring til denne 21-åringen.

Dette skreiv Mohammad i ein e-post til NRK.no:

«Jeg kjenner den arresterte 21-åringen, som en praktiserende bror i Islam. Han er ingen terrorist! USA, Israel, NATO og deres allierte er de virkelige terroristene! Han er en ung muslim med et klart politisk budskap: Stopp undertrykkelse og okkupasjon og trekk de norske soldatene ut av Afghanistan!»

21-åringen som først vart pågripen vart varetektsfengsla i to veker med brev-, besøks- og medieforbud. Denne fengslinga går ut førstkommande fredag.

Sendte hatmelding til Stoltenberg

Mohammad posta i førre veke ei hatmelding på Facebook-veggen til statsminister Jens Stoltenberg (Ap).

I melding sto det: «Til: Jens KAFIR Stoltenberg Fiende av Allah, massemorder og terrorist! Trekk soldatene ut av Afghanistan! Allah vil straffe deg for dine ugjerninger, måtte du brenne evig i Helvetet!».

Mohammad stadfesta at det var han som sto bak meldinga.

AKTUELT NÅ