Hopp til innhold

- Blir banka opp av både vakter og medfangar i fengselet

– Joshua French og Tjostov Moland blir mishandla og banka opp av både medfangar og vakter i fengselet i Kinshasa. Situasjonen er alarmerande, seier advokat Morten Furuholmen.

Morten Furuholmen saman med Kari Hilde French (t.h.) og Mathilde Moland.

Morten Furuholmen møtte pressa i dag saman med Mathilde Moland (t.h.) og Kari Hilde French.

Foto: NRK

Advokat Morten Furuholmen

Advokat Morten Furuholmen ber statsministeren engasjere seg for French og Moland i Kongo.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Saman med mødrene til dei to dødsdømde nordmenne nordmennene, Kari Hilde French og Mathilde Moland, retta Furuholmen i dag ei innstendig oppmoding til statsminister Jens Stoltenberg og å engasjere seg direkte i saka.

– Situasjonen har blitt alarmerande verre etter at dei vart overflytta til Kinshasa. Eg hadde håpa på ei snarleg avklaring etter flyttinga, men no fryktar eg at saka kan hamne i ei dødsone, sa Morten Furuholmen på ein pressekonferanse i Oslo i ettermiddag.

– Håna og trakasserte

Han siterte frå eit brev frå Joshua French og Tjostolv Moland, der dei fortel om forferdelege forhold i fengselet. Brevet er datert 8. februar. Dei deler celle med fleire andre, og dei blir banka opp, håna og trakasserte heile tida. Dei blir utsette for rasisme, og ein av dei vart biten i fingeren heilt inn til beinet.

Moland French

Tjostolv Moland og Joshua French lever under forferdelege forhold i fengselet i Kinshasa, skriv dei i eit brev til advokaten sin.

Foto: STRINGER / Afp

– Det kan høyrest morosamt ut, men det er det ikkje når ein tenkjer på faren for infeksjonar og Aids, seier Mathilde Moland.

Mathilde Moland fortel at dei blir nekta legehjelp, dei får ikkje bruke telefon, dei blir fråtekne pengar, og dei blir hindra i å utføre fysisk trening. Ho har ikkje snakka med sonen sidan 1. februar, og seier at ho ikkje fekk vite om brevet frå dei to før torsdag.

Ndolo-fengslet i Kinshasa

Dei to dødsdømde nordmennene sonar no i Ndolo-fengselet i hovudstaden Kinshasa i Kongo.

Foto: FN

LES OGSÅ: - Flyttet på grunn av fluktplaner

LES OGSÅ: Her skal Moland og French sone

– Vore mykje sjuke

– Det var gode utsikter til å få ei einecelle, men det har ikkje skjedd. I dei to åra dei sat i Kisangani heldt dei seg stort sett friske, men etter overflyttinga har det vore mykje sjukdom, seier ho.

Kari Hilde French (t.v.) og Mathilde Moland.

Kari Hilde French (t.v.) og Mathilde Moland er sterkt utoa for situasjonen til sønene sine, Joshua French og Tjostolv Moland.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Det er vanskeleg å sove på grunn av skrik og skrål heile døgnet, og dei blir stadig utsette for forsøk på utpressing.

– Når Joshua skriv «hjelp» fleire gonger i brevet, så er det alvorleg. Desse gutane toler mykje, men dette er alvor, seier Kari Hilde French.

Ho fortel at leiinga ved fengselet seier at det er dei to nordmennene sjølve som er skuld i trakasseringa, men at dette ikkje er truverdig.

– Dei vil berre kome seg levande til Noreg. Då er det ikkje i deira interesse å skape bråk, seier ho.

LES OGSÅ: Dropper soningsoverføring for Moland og French

LES OGSÅ: «Hodejegerne»-produsent vil lage film om Kongo-fangene

– Direkte med presidenten

– Eg trur det er nødvendig at statsminister Jens Stoltenberg no engasjerer seg direkte med presidenten. Eg trur ikkje lenger det er nok at berre UD held tak i saka. Eg meiner at også justisminister Grete Faremo må ta opp situasjonen for dei to nordmennene med sin kongolesiske kollega, seier Morten Furuholmen.

Morten Furuholmen meiner dei to nordmennene er dei utlendingane som har vore lengst i fengsel i Kongo. Han meiner det no er grunnlag for at den norske regjeringa gjer noko med den ulevelege situasjonen French og Moland no lever under i Ndolo-fengselet i hovudstaden Kinshasa.

– Eg har aldri opplevd så sterke skildringar om vanskelege forhold i fengselet frå nokon andre klientar. Situasjonen er uuthaldeleg både for dei to i Kongo og for familiane deira her heime, seier Furuholmen.

Moland og French i rettssalen i Kisangani, Kongo.

Tjostolv Moland og Joshua French under rettssaka mot dei i Kisangani i Kongo i fjor.

Foto: STRINGER / Afp

LES OGSÅ: Tredje jul uten Tjostolv

AKTUELT NÅ