Hopp til innhold

PST: – Den 22.juli lukkast me ikkje

PST ber om orsaking for at dei ikkje greidde å hindra terroren som råka Noreg den 22.juli, men står fast ved at dei ikkje kunne ha stoppa Anders Behring Breivik.

Video 4d8c5f0a-91b2-4a0f-88b2-658d2317d1dd.jpg

– Me tek ikkje ansvar for det som skjedde, men me har eit generelt ansvar for å førebyggja terror. Difor ber me om orsaking, sa konstituert PST-sjef Roger Berg i dag.

– Vår hovudoppgåve er å førebyggja terrorhandlingar i Noreg. Me jobbar for at det ikkje skal skje, men den 22.juli lukkast me ikkje. På vegne av PST vil eg be om orsaking for det, sa konstituert PST-sjef Roger Berg då han i dag la fram evalueringsrapporten av tryggingstenesta sitt arbeid i samband med 22.juli.

Konklusjonen om PST sin eigen innsats kjem i form av ein cirka 40 sider lang rapport.

Eit sentralt spørsmål er om PST kunne ha oppdaga Breivik før han sete terrorplanane sine ut i live den 22.juli 2011.

– Kunne ikkje ha avdekt Breivik sine planar

PST legg fram evalueringsrapport

Den konstituerte PST-sjefen Roger Berg seier Breivik var ein soloterrorist som greidde å koma seg under radaren til PST.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

PST tek sjølvkritikk på fleire punkt i rapporten, men meiner likevel dei ikkje kunne ha oppdaga Breivik i forkant av terroråtaket.

– Me meiner det ikkje er haldepunkt for at PST, gjennom grundigare sakshandsaming og høgare prioritet av opplysningane frå Global Shield, kunne ha avdekt planane til Breivik, seier den konstituerte PST-sjefen.

– Då måtte me ha fått eit konkret tips. Det skjedde ikkje. Heller ikkje andre organ innan styresmaktene fekk dette, legg han til.

Kvifor ber de då om orsaking?

– Me tek ikkje ansvar for det som skjedde, men me har eit generelt ansvar for å førebyggja terror. Difor ber me om orsaking overfor dei pårørande og andre som vart råka av terroren, svarar Berg.

Politisk kommentator i NRK, Knut Magnus Berge, meiner unnskyldninga frå PST er lite konkret.

– Det er veldig uklart kva dei faktisk ber om orsaking for. Det verkar meir som rituell enn ei symbolsk orsaking, seier Berge.

PSTs evalueringsrapport etter 22.juli

I evalueringsrapporten står det blant anna at PST har for dårlege rutinar og kapasitet til å handtera den store mengda informasjon som tryggingseininga får inn.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Ein soloterrorist med sterk handlingsvilje

Det internasjonale tollsamarbeidet Global Shield har vore eit viktig stikkord for spørsmåla kring PST sin evne til å stoppa terroristen.

Etter at det via tollsamarbeidet blei oppdaga at nordmenn handla bombekjemikaliar hjå eit firma i Polen, gjorde PST i mars i fjor eit valutasøk, som resulterte i ei liste der blant anna namnet til Anders behring Breivik dukka opp i mars i fjor. Han hadde handla for 121 kroner hjå det polske firmaet.

Men ettersom Breivik ikkje figurerte i PST sitt register frå før, gjorde ikkje PST ytterlegare undersøkingar om han.

– Breivik var ein soltoterrorist med eit spesielt verkelegheitsbilete og ei sterk handlingsvilje. Han planla terroren over lang tid og var svært tryggingsmedviten, seier Berg.

Handterer informasjon for dårleg

PST har ansvaret for den nasjonale tryggleiken i Noreg, som blant annet omfattar kontraterror, kontraekstremisme og å førebyggja og etterforska trusgsmål og vald mot medlemmer av statsleiinga.

Evalueringsrapporten er todelt, der den første delen handlar om kva PST gjorde og ikkje gjorde før terroråtaket. Del nummer to tek føre seg korleis organisasjonen handterte situasjonen i etterkant.

Evalueringsrapporten inneheld sjølvkritikk på ei rekkje punkt. Blant anna meiner tryggingstenesta at at den har for dårlege rutinar og kapasitet til å handtera den store mengda informasjon som PST får inn.

Saksarbeidaren som skulle handsama namnelista Breivik stod på, las e-posten om dette først 49 dagar etter at den kom til PST og gjekk ut i permisjon tre dagar etterpå.

Blant tiltaka som er lista opp i PST -rapporten er betre oppfølging av saker, særleg i tider med ferieavvikling:

«Før stab kan avvikles, må det være planlagt hvordan den videre oppfølgingen av saken skal håndteres», heiter det i rapporten.

Janne Kristiansen

Det har vore mykje uro i PST etter 22.juli. I januar gjekk PST-sjef Janne Kristiansen av.

Foto: HOLM, MORTEN / Afp

Har storma rundt PST

Sjefsstolen står framleis tom etter Janne Kristiansens avgang når legg PST fram sin 22.juli-evaluering i dag.Tryggingstenesta har hatt mange forklaringsproblem i tida etter terroren.

Den 19.januar gjekk Janne Kristiansen av som PST-sjef. Heilt sidan terroren råka den 22.juli 2011 hadde det då storma rundt Kristiansen og PST.

Lemfeldig omfang med fakta og utsegnet om at sjølv ikkje Stasi-Tyskland kunne ha oppdaga Anders Behring Breivik, har bidrege til ei vaksande mistru til PST si evne til å verna Noreg mot terror.

Det skapte forvirring då Kristiansen informerte media om at PST hadde sjekka det som var mogleg å undersøkja, samstundes som ho informerte Justisdepartementet om at kontroll av kjemikaliar ikkje var ei prioritert oppgåve for PST.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger