Åtvarar mot helsefarlege dyr frå EU

Talet på dyr som kjem ubehandla inn i Noreg aukar, forteller grenseveterinær Marit Forbord.
Foto: colourbox.comKjæledyr som hund, katt og ilderar som kjem til Noreg frå eit EU-land kan føre med seg helsefarleg smittestoff fordi eigarane får feil reiseinformasjon frå veterinærklinikkar og nettsider.
Publisert 20.06.2012 19:32. Oppdatert 21.06.2012 09:47.
- Skriv ut
Ti klinikkar i ni europeiske land vart oppringt av fiktive hundeeigarar for å høyre om kva krava var for å ta med seg hunden over grensa til Noreg.
Undersøkinga viste at veterinærklinikkane feilinformerte dyreeigarane i over ni av ti tilfeller.
– Helsefare for både menneske og dyr
– Slik feilinformasjon kan føre til helsefare for både menneske og dyr, fortel Rebecca Davidson som er forskar ved Veterinærinstituttet og initiativtakar til undersøkinga.
Revens dvergbendelmark
- Lev i tarmen til ulike rovdyr, primært rev, som skil ut egg i avføring
- Påvist i Sverige i 2011
- I Alperegionen vert det årleg påvist 10 tilfelle per 1 million innbyggjarar
- Hunden kan smitte menneske via avføring eller egg i pelsen
- Menneske vil ikkje merke symptom før etter 10-15 år
- Kan være dødeleg for menneske
Ho fortel at Sveits, Belgia og Tyskland kom dårlegast ut i undersøkinga. Det dei som oftast feilinformerte om var ormekur mot revens dvergbendelmark.
Alperegionen er svært utsett for den farlege dvergbendelmarken, ein bendelorm som enno ikkje er påvist i Noreg, men som for kort tid sidan vart oppdaga hjå rev i Sverige.
– Dette er ein svært alvorleg sjukdom hjå menneske. Det kan føre til ei parasittcyste på levra, og kan formere seg litt som ein svulst og verte ganske stor. Dette er ein langvarig prosess, og symptoma vil ikkje merkast før etter 10 – 15 år, og ormen må fjernast kirurgisk. Dersom det ikkje vert oppdaga, kan dette føre til død, fortel Davidson.
Det Davidson synest er mest urovekkande er at også norske veterinærklinikkar feilinformerte om krava. Berre 3 av 10 som vart oppringt her i landet kunne gi tilstrekkjeleg informasjon om behandlinga hunden trong etter å ha vore i utlandet.
Les også: Vil ha slutt på hundeimport
Les mer: – Fire rumenske hunder smuglet inn
Regelendringar gir enklare innreise
Regelendringar for reise med dyr tredde i kraft frå 1. januar i år. Dette har gjort at det er enklare å reise med hundar i mellom land. Schengenavtalen inneber at grensekontrollen mellom ein del eurpoeiske land er minimal, samstundes aukar reiseaktiviteten og importen av ulike dyr.

Grenseveterinær Marit Forbord seier import av dyr er stadig aukande.
Foto: Henrik Brattli Vold/NRKKonsekvensen er at stadig fleire dyr med mangelfull eller inga behandling mot sjukdomar som ikkje enno er etablert i Noreg per i dag kan sleppe inn og spre smitte.
Marit Forbord er grenseveterinær på Oslo lufthamn Gardermoen. Ho stadfestar at reisande med dyr, og import av dyr er stadig aukande.
– Vi har mange, mange av det per veke, og mange hundre kvart år. I fjor hadde vi kring 6 000 dyr som var på reise med eigarane sine berre gjennom Gardermoen. Så dette er så absolutt aukande, og då aukar talet på dyr som kjem ubehandla fortel Forbord.
Ved ankomst på flyplassane er det ingen som kjem igjennom dersom papira frå veterinær ikkje er i orden. Men grenseveterinæren er uroa over dei som kjem køyrande med bil.
– Vi har jo ei lang landegrense, og det er ikkje noko problem å kome inn i landet med bil. Det vert berre tatt stikkprøver av dei som kjem køyrande, så mørketala på antal dyr over grensa er nok svært store, fortel Forbord.
Kan smitte via bær og sopp
Dersom det kjem ubehandla dyr til Gardermoen får dei ein kur ved ankomst. Men då kan det ofte vere for seint, fortel Forbord.
– Vi gir dei ein kur, men når til dømes ein hund får kuren så vil den dei neste 24 timane skilje ut store mengder avføring, som då vil vere fulle av egg frå dvergbendelmarken som vil kunne overleve i naturen, seier Forbord.
Les også: Alle må gjennom kur mot bendelorm
Dette kan i verste fall føre til at revens dvergbendelorm etablerer seg i landet. Marken kan overleve i ned til minus 20 grader, og slik sett er den tilpassa klimaet på den nordlege halvkule. Då er det stor risiko for at menneske kan verte smitta.
– Den går i ein syklus mellom rev og gnagar, og spreier seg raskt i norsk natur. Då kan jo det verte ein risiko å plukke og ete sopp og bær, fortel Forbord.
Ho fryktar at trass i strenge kontrollar og reglar, så vil dvergbendelmarken kome inn i landet innan 10 år.
Les også: Advarer mot dødelig hundesmitte
Les mer: Farlig hundeflått i barnas bamser
Les
Innenriks
- Jensen anerkjenner klimaendringer
- Avviser at mobilstråling er farlig
- – Han var en bauta
- Storflom i Edland i Vinje
- Fare for storflom i Sør-Norge
- Riksrevisjonen refser Halvorsen
- Diesellekkasje fra båt i Trondheim
- Mann pågrepet med automatvåpen
- Pågrepet i væpnet aksjon i Skien
- Vurderer nedlegging av flere ruter
- Nekter islamist å være i Oslo i dag
- Her ender 17. mai for russebilen
- Bonuspoeng blir lovlig igjen
- Pollenvarsel for 17. mai
- Kvinne siktet for falsk forklaring
- Forbereder seg på ankesak
- Seks biler kolliderte
- Sterk økning i bolig-kausjoner
- Stenger flere veger på Rjukan
- Blir trolig reddet i dag

