23.05.2013

16 personar huslause etter brann i Drammen

Brann Drammen (Foto: Anders Nielsen)

UTBRENT: Brannvesenet har i morgontimane onsdag kontroll over brannen.

Foto: Anders Nielsen

Eit eldre trebygg har fått store skadar i brannen.

Bygget ligg rett under E18-brua som går gjennom Drammen. Åtte personar er sendt til legevakt eller sjukehus for sjekk av røykskader. Åtte personar ble sendt til sykehus og 22 personar blei evakuert.

– Åtte personar, blant dei ei gravid kvinne ble sendt til sjukehus eller legevakt for behandling av røykskader. En av dei åtte, ei kvinne, er innlagt på sjukehus for observasjon, fortel operasjonsleiar Tor Stein Hagen i Søndre Buskerud politidistrikt.

Brann Drammen (Foto: Anders Nielsen/NRK)

– Brannvesenet har kontroll på brannen og det er ikkje fare for spreiing av brannen, seier Hagen.

Brannen spreidde seg raskt i det gamle trebygget. Politiet fekk mange telefonar frå folk som oppdaga brannen. Også mannen som budde i husværet der brannen starta varsla naudetatane. Meldingane om brannen tikka inn litt før klokka halv to.

Sprengte dør

Før sløkkjearbeidet starta, gjekk røykdykkarar gjennom bygget.

- I den eine leiligheita var det ingen som opna. Difor tok brannvesenet seg inn, og der fann dei ein person som sov tungt. Det var nok i siste liten, seier operasjonsleiar Hagen.

Brann Drammen (Foto: Anders Nielsen/NRK)

SLØKKJER FRAMLEIS: Brannvesenet vil ettersløkkja utover dagen, melder politiet.

Foto: Anders Nielsen/NRK

Det er for tidleg å seia noko om årsaken til brannen. Det er folkeregistrert 16 personer på adressa.

Innenriks

NRK Butikken