25.05.2013

Viktig festival-pris til norsk film

Glade norske vinnarar i Karlovy Vary. (Foto: Ape&Bjørn AS)

Norske vinnarar i Karlovy Vary i kveld. Frå venstre Ruben Thorkildsen, Henrik Rafaelsen og Martin Lund.

Foto: Ape&Bjørn AS

Den norske filmen «Mer eller mindre mann» er kåra til beste film ved filmfestivalen i Karlovy Vary i Tsjekkia i kveld.

Regissør og manusforfattar Martin Lund og produsent Ruben Thorkildsen tok mot prisen, The Golden Crystal Globe, og hovudrolleinnehavar Henrik Rafaelsen fekk prisen som beste mannlege skodespelar.

Eit karakterportrett

- Etter ei fantastisk mottaking hos publikum her i Karlovy Vary, er det utruleg moro å få både juryens hovudpris for beste film og prIsen for beste mannlege skodespelar. Filmen er eit karakterportrett, og derfor synest eg det er veldig moro at Henrik fekk prisen for si rolletolking, seier Martin Lund.

Produsent Ruben Thorkildsen seier at det har vore ei flott oppleving å ha verdspremiere på filmen på ein festival som Karlovy Vary, og at det å vinne to prisar var langt meir enn dei kunne drøyme om.

- Eg håpar at dette vil få mange til lå oppdage for ein fin film Martin har laga, og at mange fleire vil oppdage for ein fantastisk skodespelar Henrik er. No blir det fest, lovar han.

Norsk premiere i september

«Mer eller mindre mann» hadde verdspremiere i Karlovy Vary laurdag 30. juni, og filmen blir å sjå på norske kinoar frå og med 14. september.

Filmfestivalen i Karlovy Vary er ein av dei viktigaste filmfestivalane i Europa og blir arrangert i juli kvart år. Festivalen vart arrangert først gong i 1946, og er såleis ein av dei eldste i verda.

Kjenner norsk film

Juryleiar Rochard Pena har god kunnskap om norsk film. Han er programdirektør for Film Society of Lincoln Center i New York. Senteret hadde nyleg ein programserie med norske filmar, og i denne samanhengen sa Pena:

«Ein ny generasjon norske filmskaparar viser no sitt særprega syn på livet i eitt av dei rikaste og mest liberale samfunna i verda».

Om «Mer eller mindre mann» seier juryen:

«Ein film som med intelligens, innsikt og humor skildrar ein manns vanskelege reise på vegen til å bli vaksen».

LES OGSÅ: Suksessregissører uten stjernelønn

LES OGSÅ: Trepinne på kinotoppen

Innenriks

NRK Butikken