Hopp til innhold

Gull og sølv er no pengar i Utah

Medan den amerikanske dollaren stadig vekk mister meir og meir verdi, vurderar fleire delstatar å godkjenne gull og sølv som betalingsmiddel. Utah innførte ei ny lov denne månaden.

US-GERMAN-COMPA

Minibankar for gullmyntar er den siste tida begynt å dukke opp. Her frå eit kjøpesenter i Florida.

Foto: JOE RAEDLE / Afp

Uttrykket «så godt som gull» får no ei bokstaveleg tyding i delstaten Utah i USA. Som første delstat i landet har dei no legalisert gull- og sølvmynter som lovleg betalingsmiddel.

Protest mot pengetrykking

Ideen vart starta av den republikanske politikaren Brad Galvez, som la fram lovforslaget som ein protest mot pengepolitikken til den amerikanske sentralbanken, The Federal Reserve.

Galvez seier at amerikanarane er begynt å miste trua på dollaren.

– Er du lei av statsgjelda, så unngå dollaren. Bruk pengar på gull og sølv, seier han.

Galvez refererar til det enorme underskotet til dei føderale styresmaktene i USA. Statsgjelda er no på godt over 14 billionar dollar, og heite diskusjonar er i gang i Kongressen om å kutte kraftig i statlege utgifter.

Også andre delstatar vurderer liknande lov. Kongressen i Minnesota har lagt ned ein komité som skal undersøkje fordelane ved å innføre eit slikt lovforslag. I tillegg har 11 andre delstatar liknande lovforslag ute på høyring, som dei enno ikkje har teke stilling til.

Vil opne gullbankar

Allereie no har fleire forretningsmenn i Utah planar om å opne bankar eller bankkvelv der vanlege folk kan oppbevare gullet sitt.

SPORT OLYMPICS

Lovforslaget vart signert av guvernøren i Salt Lake City, hovudstaden i Utah.

Foto: RICK WILKING / REUTERS

Det vil nemleg ikkje vere slik at folk vil gå rundt med store kvanta gullmynter i lommene kvar gang dei skal på storhandel. Dei kjem til å ha høve til å nytte bankkort som er kopla til verdien av gullet dei har i banken.

Amerikanaren Craig Winto skal opne Utah Gold and Silver Depository allereie 1. juni. Det vert den første slike banken i USA.

– Eg trur folk vil vere litt avventande i starten. Men etter kvart som fleire og fleire vil lagre gullet sitt hos oss, trur eg folk vil strøyme til marknaden, seier Winto.

Eit steg tilbake

Nokre av kritikarane til lova seier at ein slik politikk kan føre til fare for auka inflasjon. Dette fordi styresmaktene ikkje lenger vil ha høve til å justere valutakursar eller renta.

– Det vil føre til at me går tilbake i tid i utviklinga av finanssystemet vårt. Det som støttar opp under dollaren er vårt stabile styresett, økonomien vår og styresmaktene sin evne til å betale gjeld, seier Carlos Sanchez i The CPM Group i New York til AP.

40 år sidan sist

US gold coin

Denne $20-mynten frå 1933 er ein av dei siste som er produsert før USA gjekk av gullstandarden.

Foto: HO / Reuters

USA og andre vestlege land begynte å gå meir og meir vekk frå gullstandarden under 1. verdskrig, fordi styresmaktene måtte trykkje fleire og fleire pengar for å kunne betale for krigen. Under depresjonen på 1930-talet tok dåverande president i USA, Franklin D. Roosevelt, drastiske steg som i praksis gjorde det umogleg å betale med gull og sølv.

Richard Nixon satt eit endeleg punktum for gullstandarden i 1971. Fram til då kunne internasjonale sentralbankar veksle sine amerikanske dollar inn mot gull.

Den dyre krigen i Vietnam førte til at inflasjonen kom ut av kontroll, og mange land ville kvitte seg med sine devaluerte dollar. Dette gjorde at USA ikkje hadde nok gull til å betale for seg, og fjerna difor siste lenke til gull.

Fleire vil ha gullstandard

Sjef for Verdensbanken, Robert Zoellick

Leiar i Verdsbanken, Robert Zoellick trur ikkje ein gullstandard er gått ut på dato.

Foto: YURIKO NAKAO / Reuters

Verdsbanksjef, Robert Zoellick, overraska mange då han i november i fjor lufta eit forslag om at gullmynter kunne vere basis for eit nytt internasjonalt pengesystem.

– Sjølv om lærebøker ser på gull som eit gammaldags betalingsmiddel, nyttar marknaden gull som alternative pengar allereie i dag, skreiv Zoellick i eit innlegg i Financial Times og viste til den auka etterspurnaden etter gull.

Milliardæren og redaktør av magasinet Forbes, Steve Forbes, trur dette berre er starten på ei trend i heile USA.

– Det er sannsynleg at USA vil returnere til ein gullstandard i løpet av dei neste fem åra, for det vil løyse mange av dei økonomiske problema i landet. Ved å returnere til gullstandarden vil USA gå vekk frå ein uansvarleg politikk til ein sterkare dollar og eit sterkare Amerika, sa Forbes til magasinet Human Events.

– Ikkje nok gull i verda

Steinar Mediaas

Økonomikommentator i NRK, Steinar Mediaas, meinar gullpengar er ei god løysing for individa, men håplaust for finansøkonomien.

Foto: Ekroll, Anne Liv / Anne Liv Ekroll, NRK

NRK sin økonomikommentator, Steinar Mediaas, seier den auka etterspurnaden etter gull er eit resultat av at det har blitt eit for stort gap mellom finansøkonomien og realøkonomien.

Han meinar likevel at det ikkje finst nok gull og sølv i verda for å dekke alle finanstransaksjonane som skjer i dag.

– Den globale finanskrisa har vist oss at me har eit system som ikkje har fungert godt. Men ein gullstandard ville nok ikkje fungert i dag. Den internasjonale pengemengda er langt større enn verdas gull- og sølvreservar. Det er difor uaktuelt å gå tilbake til eit system med gullstandard, seier Mediaas.

– Kva er fordelane med å nytte gull og sølv som pengar?

– Å innføre gull- og sølvpengar, som dei no gjer i USA, kan kanskje gi ein del menneskje tryggleik som dei i dag ikkje føler ved å eige dollar. Dollaren har falt mykje i verdi sidan finanskrisen, ikkje minst fordi USA har ein betydeleg gjeld.

Mediaas meinar at innføringa av gull- og sølvmynter sikkert kan fungere på individnivå, men at eit slikt system ikkje vil hjelpe på den enorme statsgjelda USA i dag har.

– Før me fekk papirpengar så var det gull- og sølvmynter som var vanleg. Etter kvart vart det upraktisk å gå rundt med gull- og sølvmynter. Norges Bank trykte opp pengar, med tryggleik i gullreservane i banken.

Rekordhøg pris

Gullprisen er no rekordhøg, og blir av mange økonomar skildra som ei redningshamn mot usikre økonomiske tider.

Det kostar no rundt 1530 dollar å kjøpe ei unse (31 gram) gull. For ikkje meir enn ti år sidan var prisen rundt 250 dollar. Det er ei auke på over 600 prosent.