Hopp til innhold

Skattelistene kjem 15. oktober

Skatteetaten offentleggjer skattelistene for 2007 onsdag den 15. oktober kl 03.

Skattesøk 2007

Litt etter gjer NRK listene kjent her på våre nettsider: nrk.no/skatt.

Skattelistene kjem kvar haust, etter at skatteoppgjeret er klårt for alle skatteytarar. Likevel må dei første tala som kjem, takast med visse atterhald.

Ikkje endelege tal

Mange klagar på skatten, og denne klagehandsaminga utover hausten og vinteren vil forandre mange av tala. I januar kjem den første oppdateringa av tala for 2007, og deretter blir det fleire mindre justeringar utover året.

Hos skatteetaten blir tala liggjande på papir og nett i tre veker etter framlegginga. Deretter blir tala trekte attende.

Her på NRK.no blir ikkje tala trekt attende etter tre veker. Etter at likningslova blei endra i fjor, er det no tillete å ha desse tala liggjande lenger.

Skattelistene viser ikkje eksakt kva alle i Noreg har i reell inntekt og formue. Det som kjem fram i skattelistene er skattemessige inntekts- og formuestal. Dei verkelege tala kan avvike mykje frå det som kjem fram i skattelistene. Tala bør difor takast med ei klype salt.

Dette kjem i skattelistene:

  • Skatteytar sitt namn
  • Postnummer
  • Poststad
  • Fødeår
  • Organisasjonsnummer for selskap
  • Nettoformue
  • Nettoinntekt (alminneleg inntekt før særfrådrag)
  • Utlikna skatt

Det er ikkje mogeleg å reservere seg mot å stå i skattelistene. Dette gjeld både skattelista som blir lagt ut på Skatteetatens nettsider , skattelistene som blir lagt ut på skattekontora, og skattelistene som blir spreidde til media.

Skattelisten for personar inneheld ikkje:

  • Opplysningar om personar med sperra adresse
  • Opplysningar om personar der listene kan røpe eit klientforhold (sjukehus, fengsel og liknande)
  • Opplysningar om personar utan fast bopel (adresse)

Demokratiargument

Media får tilgang til skattelistene med heimel i Likningslova § 8-8 hos Lovdata.

Lova blei sist endra i juni 2007, og du kan lese innstillinga frå Finanskomiteen på Stortinget her .

Hovudgrunnen til at politikarane ønskjer at listene skal gjerast kjent, er at dette vil styrkje den kritiske debatten om skattesystemet, til dømes ved å vise samanhengen mellom økonomisk evne og skattlegging.

Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti stemte mot lovendringa.

Skattelistene frå 2006 ligg framleis ute på våre nettsider, og du kan søkje i dei her:

Søk i 2006-listene her!