Hopp til innhold

Tolletaten åtvarar russen etter beslag av store mengder falsk vodka

Tolletaten har gjort eit beslag på til saman 900 liter med falsk vodka. Beslaget blei gjort i Larvik-området under ein kontroll av ein austeuropeisk registrert bil til kontroll. Det skriv dei sjølv i ei pressemelding.

No åtvarar dei spesielt russen om å kjøpe smuglarsprit.

– Du gamblar med eige liv og helse, åtvarar tolldirektør Øystein Børmer.

Han seier det kan vera vanskeleg å sjå forskjellen på falsk og ekte sprit.

– Det er ikkje mogleg for folk å sjå etter spesifikke kjenneteikn på flaskene eller kartongane for å avdekke falsk brennevin, ettersom kjenneteikna endrar seg heile tida. Flaskene eller kartongane kan ha etikettar og vere korka og forsegla. Innhaldet verkar ofte som ekte og trygt, men utgjer i realiteten ein helserisiko, seier han.

I verste fall kan alkohol kjøpt utanfor lovlege utsalsstadar innehelde metanol. som er svært skadeleg.

Funnet blir no etterforska av politiet, melder Tollvesenet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no