Hopp til innhold

Jane Fonda i svensk valkamp

Gudrun Schyman fekk med seg sjølvaste Jane Fonda for å kaste lys over Feministiskt Initiativ (FI) sin valkamp i Stockholm i dag.

Jane Fonda og Gudrun Schyman i Stockholm fredag 15. september 2006.
Foto: Leif R. Jansson, STR

Jane Fonda omfamna partileiaren Gudrun Schyman, tidlegare leiar for det svenske Vänsterpartiet, og sa at ho alltid hadde rekna seg som feminist.

Skodespelar-ikonet vekte stor interesse på pressekonferansen i dag, men meiningsmålingane viser at FI har små sjansar til å bli representert i Riksdagen.

 

SISTE NYTT

Siste nytt