Hopp til innhold

- Ingen dialog med bråkmakarane

- Det er ikkje lenger nokon dialog mellom politiet og dei som står bak ungdomsbråket i København, seier informasjonsansvarleg for København-politiet.

Ungdomshset ryddes
Foto: Mogens Flindt / SCANPIX

(Nrk.no/København) I eit intervju med NRK seier informasjonsansvarleg Fleming Steen Munch at han er overraska over kor valdelege ein del av ungdommane har vore dei siste tre døgna. Han seier at politiet vil halde ein høg profil i byen heilt til det igjen er roleg i gatene.

Fleire nordmenn

Munch stadfestar at det er over 20 nordmenn blant dei som er arresterte etter uroa.

Fleming Steen Munch
Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Han avviser at politiet har gått for hardt fram mot demonstrantane, slik mange kritikarar har sagt. Ei gruppe som kallar seg "Foreldre mot politivold" er blant dei som har retta sterk kritikk mot politiet for det dei meiner er ein maktbruk som ikkje står i forhold til den oppgåve dei har i samfunnet.

Klokka 15 i ettermiddag starta ein stor demonstrasjon på Rådhusplassen i sentrum av København. Rundt 2000 menneske var møtt fram for å høyre på talar og appellar som støttar ungdommane sin kamp for Ungdomshuset på Nørrebro, som dei vart kasta ut av sist torsdag.

Tungt politioppbod

Politiet var tungt til stades på og rundt Rådhusplassen, og eit politihelikopter krinsa konstant over plassen heile ettermiddagen. Alt har gått fredeleg føre seg, men det er stor frykt for vidare bråk utover kvelden.

Demontrantane har no forflytta seg frå Rådhusplassen og er på veg til Nørrebro. Det er stor frykt for at det skal utarte til bråk utover kvelden.

- Vi er førebudde på at det blir bråk også i kveld, men vi har eit håp om at vi har arrestert så pass mange av dei som organiserer uroa at det kan bli fredelegare i natt enn dei to føregåande nettene, seier Fleming Steen Munch.

Min bare røv

Københavnarar vi snakka med på og rundt Rådhusplassen i ettermiddag er delte i synet på kven som har skulda for uroa dei siste døgna. Dei som støttar kravet om at ungdomane skal få Ungdomshuset på Nørrebro tilbake meiner stort sett at det er politiet som framprovoserer valdsbruken.

Men andre igjen legg skulda på aktivistar som ikkje er interesserte i dialog med det etablerte samfunnet.

Dei unge anarkistane i gruppa "Anarkistisk Kaffeklub" har denne kommentaren til politiet si forsikring om at politiet berre gjer det dei må for å oppretthalde ro og orden.

- Politiet gjør bare deres arbejde? Min bare røv!

 

SISTE NYTT

Siste nytt