Hopp til innhold

Over 6 milliardar til palestinarane

USA gir 900 millionar dollar i stønad til dei palestinske sjølvstyresmaktene. Ein tredel av beløpet blir øyremerka for Gazastripa.

Giverlandskonferanse i Egypt

Sikkerhetssjekk utenfor giverlandskonferansen

Foto: Amr Nabil / AP

Det opplyser dei amerikanske styresmaktene.

Beløpet tilsvarar omlag 6,3 milliardar norske kroner.

Utanriksminister i USA, Hillary Clinton, kjem til å kunngjere dette på den internasjonale givarlandskonferansen i Egypt i dag.

Norsk støtte

- Med dette vil vi få dei første teikna på kva Obama-administrasjonen tenkjer om den fastlåste konflikten i Midtausten, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Han møter sin amerikanske kollega i ettermiddag, og kjem til å understreke at det er viktig å støtte dei palestinske sjølvstyresmaktene, både økonomisk og politisk.

Video nsps_upload_2009_3_2_7_50_38_900.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Sjå Jonas Gahr Støre sin reaksjon på USA sin støttepakke.

Trur på forhandlingane

Støre på besøk i Gaza

Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Foto: ADEL HANA / AP

- I tillegg kjem eg til å oppmode til eit sterkt amerikansk engasjement for dei palestinsk-israelske forhandlingane. Eg trur vi kan vente eit kraftigare amerikansk diplomati nå som George Mitchell er blitt USA sin spesialutsending til Midtausten.

Han viser til at det tok fem-seks år før George W. Bush kom på banen i dette konfliktområdet, medan det berre tok fem-seks dagar før Mitchell gjorde det same.

Utanriksministrar frå 44 land er samla på konferansen i Sharm el Sheikh i dag, der også vilkåra for stønaden skal diskuterast.

Noreg leiar givarlandsmøtet saman med Egypt.

SISTE NYTT

Siste nytt