Hopp til innhold

G20 overtek for G8

G20 kjem til å erstatte G8 som eit globalt økonomisk samordningsorgan.

G20
Foto: Adrian Wyld / AP

Ifølgje Wall Street Journal vil leiarane for verdas rikaste land i dag annonsere at G20 kjem til å verte eit permanent organ og kjem til å erstatte G8 som verdas økonomiske forum.

Meldinga er stadfesta av administrasjonen til Barack Obama.

Leiarane for verdas rikaste land er no samla i den amerikanske industribyen Pittsburgh.

Omorganiseringa av G20 er eit av tiltaka for å gjenopprette den globale økonomien etter finanskrisa.

Vedtaket inneber eit skifte vekk frå at dei rikaste landa i G8 åleine skal bestemme over den økonomiske utviklinga i verda, og er eit resultat av eit langvarig press frå land med framveksande økonomiar, som Kina, India og Brasil.

G20 er sett saman av dei same landa som er medlem i G8, i tillegg til EU og elleve land med framveksande økonomiar.

Ifølgje Wall Street Journal skal G8-landa framleis til å møtast innimellom for å diskutere ikkje-økonomiske saker, men dette vert berre på ad hoc-basis.

Vil gje utviklingslanda meir makt

Det har vore demonstrasjonar i samband med G20-møtet i Pittsburgh, og politiet tok i går kveld i bruk gummikuler mot ei mindre gruppe demonstrantar som kasta stein mot politiet.

Les også: Politiet skyter med gummikuler

Disse må tåle bråk

Før G20 toppmøtet opna i går vart det også meldt at leiarane allereie var samde om det viktigaste temaet det hadde vore tautrekking om på førehand. Ifølgje USAs sentralbanksjef Timothy Teithner var G20-landa førebudde på å innføre svært detaljerte avgrensingar for utbetalingar av bonusar i banksektoren.

Landa var også samde om å reformere Det internasjonale pengefondet IMF slik at utviklingslanda får meir å seie.

SISTE NYTT

Siste nytt