22.05.2012

Folkerøysting om EU-grunnlov

Storbritannias statsminister Tony Blair kunngjorde i dag at han vil opne for ei folkerøysting om EU-grunnlova, men at det ikkje vil skje i det løpet av det første året.

Tony Blair på veg ut frå Downing Street for å halde talen i Parlamentet om EU-avrøystinga. (Foto: Reuters/Scanpix)Tony Blair på veg ut frå Downing Street for å halde talen i Parlamentet om EU-avrøystinga. (Foto: Reuters/Scanpix)

Det har lenge vore venta at Blair ville kunngjere at han ynskjer ei folkerøysting om EU-grunnlova. I dag kom altså kunngjeringa, men den britiske statsministeren gjorde det klart at det ikkje blir det første året, og truleg først etter eit nytt parlamentsval.

Ikkje i år

- Det kan først bli klart når alle spørsmål har fått sine svar, når alle detaljar er klare, når lovgjevinga er tilpassa, og etter at parlamentet har debattert EU-grunnlova og teke si avgjerd, sa Tony Blair i ein tale til Underhuset i Parlamentet i dag.

Avgjerda om å gi grønt lys for ei folkerøysting om EU-grunnlova blir av politiske observatørar i London kalla den største og mest risikable u-svingen i Blairs tid som statsminister.

Parlamentsval

Det er venta at Blair vil lyse ut parlamentsval i løpet av første halvår av 2005, og at ei folkerøysting om EU-grunnlova kan kome etter denne. Storbritannia overtek formannskapet i EU 1. juni 2005.

Opposisjonen i Storbritannia har lenge kravd ei folkerøysting om EU-grunnlova, ikkje minst har dei mange EU-skeptikarane i det konservative partiet vore ivrige talspersonar for at folket skal få seie si mening.

- Det er på tide å få avgjort ein gong for alle om dette landet skal vere med der avgjerdene blir tekne. Om vi skal vere ein leiande partnar og alliert med Europa, eller operere i ytterkanten, sa Blair blant anna i talen sin til Underhuset.

Avsløring

- La euroskeptikarane få det som dei vil. Vi skal avsløre deira sanne ansikt. La dei av oss som trur på Storbritannia i Europa, ikkje fordi vi trur på Europa åleine, men fordi vi trur på Storbritannia, leggje fram vår sak, sa ein kjensleladd Tony Blair frå talarstolen.

Storbritannia har berre ein gong tidlegare halde ei nasjonal folkerøysting. Den dåverande Labour-regjeringa spurde folket om landet framleis skulle vere medlem i det som då heitte EEC. Veljarane svarte ja med klart fleirtal.

(NRK-Reuters)
Siste utenriksnyheter

Neste sending: Urix

Urix

NRK2, tirsdag 22.5. kl. 14.35 | Legg i kalender[?]

Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Politisk jordskjelv i Serbia - Milosevic-alliert blir ny president - betyr det at ultranasjonalismen er på vei tilbake? Programleder: Annette Groth.

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/urix.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: urix@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Neste sending: Verden på lørdag

Verden på lørdag

NRK P2, lørdag 26.5. kl. 11.03 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: vpl@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.