skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Protestar over heile verda

18. og 19. januar var helga då antikrigs-demonstrantar over heile verda var ute i gatene. Dei amerikanske planane om krig mot Irak blei møtte med protestar i Asia, Europa og Amerika.

Publisert 24.01.2003 13:53.
Av Tor Helge Haugland

I Wien starta dei alt på fredagskvelden då skulebarn og studentar protesterte mot "USA-imperialismen", som det stod på plakatane. Ein marsj frå universitetet til den amerikanske ambassaden enda med med brenning av USA-flagget.

Laurdagen var japanarane først ut. Fleire tusen i 10 byar marsjerte i regi av organisasjonen "Verdsfred no". Gjennom det største forretningsstroket i hovudstaden Tokyo var 4-5000 menneske med på turen bak bannera.

Også andre stader i Asia, og ikkje minst i Midtausten, gjekk folk på gatene tidleg på dagen for å markere motstand mot krig.

I Syria demonstrerte heile 15.000 menneske i hovudstaden Damaskus, under slagorda "Ned med USA" og "Bush, gå!" Og i Rawalpindi i Pakistan danna skulebarn og andre ei menneskeleg kjede for å slå ring om fred.

"Verdspoliti"

Ein demonstrant i Moskva viser sigersteikn utanfor den amerikanske ambassaden. (Foto: D.Korotajev-Reuters-Scanpix)
I Moskva marsjerte fleire hundre med raude flagg og bilete av Lenin og Stalin til den amerikanske ambassaden i byen. Dei skulda USA for terrorisme og for å spele verdspoliti.

Også i Oslo og Gøteborg var det fredelege demonstrasjonar.

I USA samla fleire hundre tusen seg i sentrum av Washington for å ta avstand frå førebuingane til krig.

Bodskapen til president George W. Bush, nokre steinkast lenger borte, var: - Stopp nedteljinga til den tredje verdskrigen, og ikkje kast bort amerikanske liv for å sikre tilgang til oljereservane i Irak.

Heilt frå tidlege morgontimar trassa amerikanarane kulda og samla seg på The Mall, det store friarealet mellom Capitol-bygningen og Det kvite hus.

Dei kom til fots, med bussar og fly frå heile USA. Hovudtyngda var likevel frå hovudstaden og austkysten, men med sterke innslag frå Midtvesten.

Vendetta?

- Er det ei form for vendetta eller hemnkrig president Bush førebur, spurde skodespelar Jessica Lange, som var ein av hovudtalarane. - Er det slik å forstå at unge Bush skal gjere godt for forsømingane til Bush senior? spurde ho.

Arrangørane meinte deltakinga berre i Washington var på rundt 200.000 - dobbelt så mange som rekna med. I tillegg kom mange protestmarsjar andre stader i landet.

Også i Storbritannia, Frankrike, Spania, Italia og Irland var det protestar i dei største byane, og i Paris opplyste arrangørane at 20.000 menneske marsjerte gjennom gatene.

- Saddam Hussein er ein diktator. Men skal vi angripe alle ikkje-demokratiske regima i verda, vil det ikkje bli mange fredelege land igjen, sa ei av kvinnene som deltok i den franske hovudstaden.

Mindre omfang

Antikrigs-demonstrant i Brussel (Foto: Y.Herman-Reuters-Scanpix)
Også på søndagen var det protestdemonstrasjonear i fleire europeiske byar, men i mindre omfang enn dagen før.

Ein av dei største fann stad i den spanske hovudstaden Madrid, der mellom 5.000 og 10.000 menneske marsjerte gjennom sentrum. Også i Brussel var omtrent like mange med.

I London arresterte politiet seinare på dagen rundt 50 demonstrantar utanfor Northwood-basen i Nordvest-London, der fleire hundre hadde samla seg.

Demonstrantane blei frakta vekk av politiet fordi dei blokkerte ein veg utanfor det militære hovudkvarteret.

Nokre av demonstrantane lenka seg saman i eit forsøk på å sperre hovudinngangen til basen, men markeringa gjekk elles fredeleg for seg, opplyste politiet.


 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no