NRK møter utanriksminister Børge Brende (H) i New York kort tid etter at han tala til FN sitt tryggingsråd om kampen mot terrororganisasjonen IS i Irak og Syria.
Tema for møtet var den internasjonale responsen mot den islamistiske terrorgruppa Den islamske staten (IS).
– Det var veldig sterkt å sjå i dag at det er eit samla Tryggingsråd som står bak kampen mot IS i Irak, seier Brende.
Splitta om Syria
Kampen mot IS i Syria er ein større verkebyll for FN. Mange land kvir seg for å involvera seg i det borgarkrigsherja landet, fordi det vil bety støtte til det syriske regimet og diktatoren Bashar al-Assad.
– Tryggingsrådet er splitta om Syria. Eg håpar den semja som er rundt Irak kan få ein smitteeffekt i Syria. Me kan ikkje lukkast med kampen mot IS og alt det dei står for utan at me får tilsvarande løysingar i Syria, slår Brende fast.
USA har nyleg opna for å gjennomføre luftangrep inne i Syria. Børge Brende er på si side klar på at Noreg berre skal bidra i Irak.
– Det eksisterer ikkje ein liknande førespurnad for Syria, og difor ikkje det same folkerettslege mandatet, seier Brende.
Han viser til at Kina og Russland set ein stoppar for at Tryggingsrådet tilrår militæraksjon i Syria. Dermed er det ikkje eit folkerettsleg grunnlag for eit norsk bidrag i Syria.
– Me vurderer det slik at me ikkje kan vere med i ein militær aksjon i Syria, fordi folkeretten tilseier at ein må ha eit mandat frå Tryggingsrådet, og det eksisterer ikkje.
Ventar fordøming frå presidenten
Med dei nye 63 millionane er det norske humanitære bidraget for 2014 oppe i 200 millionar til Irak og 788 millionar til Syria.
– Me stiller opp med ytterlegare humanitær innsats, i tillegg til at me no ser på militær kapasitetsbygging. Det kjem i tillegg til dei stabsoffiserane me varsla i går, seier Brende.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Dagens møte i Tryggingsrådet er initiert av USA, som sit med presidentskapen denne månaden. Møtet har kome i stand etter at USA fekk med seg 40 andre land, deriblant ti arabiske, på ein aksjon mot IS.
Det er venta at møtet vil resultere i eit presidentutsegn der den nye irakiske regjeringa vert ønskja velkomen, og der andre land vert oppmoda til å støtte kampen mot IS. Det er også grunn til å tru at presidentutsegnet vil ty til harde ord i si fordømming av IS sine handlingar.
– USA må svare for seg sjølv
Brende kjem ikkje med noko kritikk til USA, og meiner dei sjølv må svare på kvifor dei opnar for å gjennomføre angrep i Syria utan mandat frå Tryggingsrådet.
- LES OGSÅ:
– USA har varsla at dei vil drive med luftoperasjonar inne i Syria, og dei må sjølve svare for korleis dei grunngjev det folkerettsleg.
– Men om det ikkje finst noko folkerettsleg grunnlag for eit norsk bidrag, korleis kan eit amerikansk bidrag vere folkerettsleg akseptabelt?
– USA må svare for det.
– Så Noreg har ikkje noko prinsipielt syn på det?
– Noreg er klare på at vårt bidrag må avgrense seg til Irak, kor det er ein konkret førespurnad frå den irakiske regjeringa. Det gir eit mandat, seier Brende.