Hopp til innhold

– Ti sivile drepne i Aust-Ukraina

Ti menneske skal vere drepne i fleire angrep i Donetsk, aust i Ukraina. Mellom anna skal ein skule ha blitt angripen, melder AFP. Dei krigande partane i området skuldar på kvarandre.

UKRAINE-CRISIS/SCHOOL A view of a classroom of school No. 57 damaged by recent shelling in Donetsk, eastern Ukraine

Glasskåra ligg strødd utover eit av klasseromma på skulen der granatane trefte i dag. Elevane som var til stades for første skuledag måtte søke tilflukt i kjellaren.

Foto: SHAMIL ZHUMATOV / Reuters

Ukraine

Røyken stig opp frå staden der granatar har slått ned. Angrepa i Donetsk tok minst ti menneskeliv.

Foto: Darko Vojinovic / Ap

Dei ti døde skal ha blitt drepne både i angrepet mot skulen, men også i andre granatangrep i byen.

– Fire menneske vart drepne, og åtte vart skadde då granatar landa nær ein skule nord i Donetsk. Ytterlegare seks personar skal ha blitt drepne då ein annan granat trefte ein minibuss, seier dei Kiev-lojale styresmaktene i Donetsk oblast i ei melding.

Dei legg skulda på opprørarane, som har kontrollen i Donetsk by, medan opprørarane på si side legg skulda på regjeringsstyrkane. Det er førebels ingen uavhengige kjelder som har uttalt seg om kven som står bak.

Augevitne fortel til nyheitsbyrået Reuters at ein lærar skal vere blant dei drepne på skulen.

Elevane ved skulen som vart treft skal ha søkt tilflukt i ein kjellar. Dei var alle til stades på skulen der dei markerte årets første skuledag, ein månad på overtid. Mange av skulane i Donetsk vart øydelagde i borgarkrigen som har herja området.

Ein Reuters-journalist fortel om tydeleg merke etter eksplosjonar i bakken. Ingen barn skal vere blant dei drepne eller skadde.

Sidan angrepet skjedde i formiddag har det vore fleire samanstøyter mellom regjeringsvennlege grupper og opprørarar fleire stader i regionen. Begge partar legg skulda på den andre, og seier den motsette part var dei som braut avtalen.

Også måndag vart det rapportert om 15 drepne personar, i det som skal ha vore dei hardaste kampane sidan ein våpenkvile vart signert 5. september.

Donetsk

SISTE NYTT

Siste nytt