I middelalderen vart hekser brende offentleg på store bål. Mordarar og tjuvar vart hengde i galgen til skrekk og åtvaring for dei frammøtte. Taparane i den franske revolusjonen vart køyrde gjennom byen til rettarstaden og halshogde i giljotinen.
Fleire ønskjer å sjå
I våre meir opplyste tider har likevel dei fleste land som framleis praktiserer dødsstraff, valt å gjera det meir diskré - til vanleg innanfor fengselsmurane. Og dei færraste av oss har noko ønskje om å sjå på at eit anna menneske bli tatt livet av.
Men i USA har altså minst 250 pårørande og overlevande etter Oklahoma-eksplosjonen søkt om å få vera til stades når Timothy McVeigh skal avrettast. Dessutan har langt over 1000 mediefolk sendt inn søknad om å få vera med.
Departementet må legge tilhøva til rette
Det er seks år sidan McVeigh plasserte ei heimelaga bombe framfor ein føderal bygning i Oklahoma City. 168 menneske mista livet i eksplosjonen, blant dei 19 små barn i eit dagsenter. Over 500 vart skadde. Det var den blodigaste terrorhandlinga i amerikansk historie. McVeig vart dømd til døden og skal avrettast 16. mai. Han har avslått å søkja om nåde.
- Justisdepartementet må leggja tilhøva til rette slik at ein kan imøtekoma ønsket frå dei overlevande og pårørande, seier den amerikanske justisministeren John Ashcroft, som sjølv er sterk tilhengjar av dødsstraff.
Mediesirkus uansett
Sidan det ikkje er plass til alle dei nyfikne på sjølve rettarstaden, skal McVeighs siste stund filmast og sendast på intern-fjernsyn. Mange trur at vegen derfrå ikkje er så lang til dei offentlege fjernsynskanalane slik at også resten av USA kan få sjå at dødsdomen blir eksekvert. Med alle pressefolka som er til stades, blir det uansett eit mediesirkus.
Ikkje alle amerikanarar likar det, og diskusjonen er i gang om kvar grensene skal gå for offentleg oppstyr om ei avretting. Somme meiner at det denne gongen kan koma til å likna på ei gamaldags lynsjing.
OK for McVeigh
Men dødsstraffa vil ikkje amerikanarane oppheva. To av tre er framleis for. Og så er det altså ein del som i tillegg kan tenkja seg å sjå på at bøddelen utfører jobben sin.
For Timothy McVeigh er det visst heilt i orden. Han kunne godt tenkt seg at avrettinga vart sendt direkte på CNN.
Av Egil Johan Ree
Her og Nå, P1, 13. april 2001
Bearbeidd for nett av Hege Øygaren