I juni sende ein annan italiensk rettsinstans ut arrestordre på 13 andre CIA-agentar som deltok i bortføringa av den egyptiskfødde imamen Abu Omar. CIA-agentane overleverte Abu Omar til egyptiske styresmakter.
Dermed er det gitt arrestordre på alle dei 19 CIA-agentane som deltok i bortføringa. Alle oppheld seg no truleg utanfor Italia. Mange av dei skal ha budd i mange år i landet.
Imamen Abu Omar vart etterforska for å ha vore delaktig i internasjonal terrorverksemd, var imam ved ein moskè i Milano som vart sett under overvaking etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001.
CIA-agentane tok han på opa gate i den norditalienske storbyen i februar 2003, og sidan sendt med fly til Egypt frå ein amerikans militærbase ikkje langt frå Milano. Tilhengjarane til den egyptiskfødde imamen seier han vart utsett for tortur på basen.
Saka har forsura det elles gode forholdet mellom Italia og USA.