Dette går fram av ein dokumentar som skal sendast på den tyske fjernsynskanalen ZDF. Det er historikarane Timothy Ryback og Florian Beiri som samla den nye informasjonen om Adolf Hitler sin bakgrunn, skriv den tyske tabloidavisa Bild Zeitung.
Austerrike
Adolf Hitler i sine velmaktsdagar i Berlin. (Arkivfoto: AP/Scanpix)
Lite har vore kjent om bakgrunnen til Adolf Hitler, bortsett frå at han kom frå Austerrike. No kjem nye sjokkerande opplysningar som moglegvis kan forklare kvifor Hitler vart den han vart.
Programmet "Familie Hitler" vil leggje fram rystande opplysningar om familiebakgrunnen til Hitler, skriv avisa.
Ved hjelp av massiv propaganda før og under krigen vart Adolf Hitler framstilt utan fortid og utan familie. Ein frelsar som ville føre "Das dritte reich" mot nye høgder.
Incest
Sanninga var at Hitler kom frå ein familie prega av incest, overgrep og vald. I dokumentaren kjem det fram av Hitlers oldefar Martin Hiedler misbrukte minst ei av døtrene sine.
Han fekk sonen Johann Nepomuk Hüttler med ei av døtrene sine i 1807.
Han fekk dottera Johanna Hüttler med same dottera. Dermed var Martin Hiedler både far og bestefar til Johan og Johanna. Martin Hiedler døydde sjølv før Johanna vart fødd i 1829.
Men innavlen stansa ikkje her. Johan og Johanna fekk eit born saman, og dei var besteforeldra til Adolf Hitler.
Forhold til niese
Sjølv skal Hitler ha hatt eit forhold til niesa Geli, som var dottera til halvstystra Angela. Gelki tok sitt eige liv i 1931, før Hitler kom til makta i Tyskland.
Andre historikarar tvilar likevel på at Hitler verkeleg hadde eit seksuelt forhold til niesa.
Bild Zeitung skriv at Hitlers halvbror Alios overlevde krigen, og at han endra namn til Hiller. Familien skulle ha tre etterkommarar, som alle bur utanfor New York i USA. Ingen av dei skal ha born.