Hopp til innhold

Iransk atomekspert sporlaust borte

Saudi-Arabia og USA avviser skuldingar frå Iran om at dei to landa har bortført ein iransk atomekspert.

Atomanrikningsanlegget i Qom, Iran

Det nye iranske anlegget for oppriking i Iran i byen Qom.

Foto: DigitalGlobe / Scanpix/AP

LES OGSÅ: Obamas fem tøffe fredsoppgaver

LES OGSÅ: – Sanksjoner mot Iran vil ikke virke

LES OGSÅ: - Nødvendig med alvorlige tiltak

LES OGSÅ: Iran med 10 nye atomanlegg

LES OGSÅ: – Tålmodigheten med Iran er tynnslitt

Auka spenning

Irans utanriksminister Manoucherhr Mottaki

Irans utanriksminister Manouchehr Mottaki.

Foto: Aaron Favila / Scanpix/AP

Medan spenninga stig i striden rundt det iranske atomprogrammet, rettar Irans utanriksminister Manoucher Mattaki harde skuldingar mot USA og Saudi-Arabia.

Han skuldar dei to landa for å ha samarbeidd om å bortføre den iranske atomeksperten Shahram Amiri medan han var på pilgrimsreise i Mekka og Medina i Saudi-Arabia tidlegare i år.

Mottaki seier at Amiri er ein av 11 iranarar som blir haldne som fangar av USA, utan å nemne namn. Men det halvoffisielle nyheitsbyrået Mehr har lagt fram ei liste over iranarar i amerikansk fangenskap, og på denne lista er ein tidlegare viseforsvarsminister, Ali Reza Asgari, som forsvann i 2007.

Saudiarabiske styresmakter nektar for å bortført Amiri, og seier at det vart sett i verk ei omfattande etterforsking etter at han vart meld sakna av den iranske delegasjonen i Mekka.

- Overlevert til USA

Den iranske utanriksministeren seier landet har bevis for at USA har bortført atomeksperten, og at iranske styresmakter forventar at han blir sett fri.

I går sa ein talsmann for det iranske utanriksdepartementet at Saudi-Arabia hadde overlevert Amiri til USA, samstundes som han stadfesta at den sakna vitskapsmannen verkeleg var atomekspert.

Ein talsmann for det amerikanske utanriksdepartementet ville i går ikkje kommentere skuldingane frå Iran.

- Vi kjenner til dei iranske skuldingane, men vi har ikkje nokon kommentar til dei, sa talsmannen Philip Crowley.

Strid om atomprogram

Dette skjer samstundes med at striden rundt det iranske atomprogrammet blir stadig meir tilspissa. Iran har avvist eit forslag frå Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) om å få hjelp til oppriking av uran i utlandet, mot at dei stansar oppriking i Iran.

Med støtte frå Russland og Kina kan det i løpet av kort tid bli innført nye, internasjonale sanksjonar mot Iran.

Det er stor frykt i det internasjonale samfunnet for at Iran er i ferd med å utvikle atomvåpen, og både USA og Israel har gjort det klart at dei ikkje kan akseptere eit Iran med kjernefysiske våpen. Begge landa har gjort det klart at dei kan kome til å bombe dei iranske atomanlegga som ein siste utveg.

SISTE NYTT

Siste nytt