20.05.2013

Tre bombeeksplosjonar i Aten

Politiet har sperra av ei gate etter ein bombeeksplosjon i Aten. (Foto: Petros Giannakouris/Scanpix/AP)

Politiet har sperra av ei gate etter ein bombeeksplosjon i Aten.

Foto: Petros Giannakouris/Scanpix/AP

Det har vore tre bombeeksplosjonar i den greske hovudstaden Aten i helgen. Ingen har teke på seg ansvaret for eksplosjonane.

Ingen er skadd i bombeangrepa, som skjedde utanfor eit fengsel, ved huset til ei gresk-pakistansk foreining og utanfor kontora til ei høgregruppe.

Ingen har teke på seg skulda, men politiet har mistanke om at det er dei same som står bak alle bombene.

Tidlegare har venstreradikale og anarkistar stått bak eksplosjonar i Aten.

Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden