Hopp til innhold

Får sjekke bank-transaksjonar

EU-parlamentet gav i dag grønt lys for ein avtale med USA om at terror-etterforskarar skal få tilgjenge til sensitiv informasjon frå europeiske bankar.

EU-kommissær Cecilia Malmström.

den svenske EU-kommissæren Cecilia Malmström

Foto: GEORGES GOBET / Afp

Dermed vil amerikansk politi som etterforskar terror har tilgjenge til informasjon om transaksjonar i europeiske bankar i ein femårsperiode frå 1. august. 484 representantar støtta forslaget, medan 109 røysta imot.

Terror-finansiering

Målet med avtalen er at politiet kan oppdage forsøk på å finansiere terroraksjonar.

I februar i år stansa Europa-parlamentet eit forslag om samarbeid som representantane meinte var i strid med personvernet. Dermed har det ikkje eksistert ein avtale mellom EU og USA på dette feltet dei siste fem månadene.

USAs president Barack Obama

USAs president Barack Obama seier at avtalen gjer livet tryggare for folk både i USA og Europa.

Foto: LARRY DOWNING / Reuters

Amerikanske styresmakter meiner det har ført til at det har vore eit tryggingstomrom i denne tida.

Den svenske EU-kommissæren Cecilia Malmström, som har forhandla fram avtalen, seier at det ville ha fått alvorlege konsekvensar for tryggingssamarbeidet mellom EU og USA om ikkje forslaget hadde blitt vedteke.

USAs president Barack Obama uttrykte i dag glede over at avtalen var i boks.

- Tryggare kvardag

- Terror-trusselen mot både USA og Europa er like stor, og denne avtalen gjer at alle innbyggjarane både i USA og Europa vil få ein tryggare kvardag, seier den amerikanske presidenten i ei fråsegn.

Den første avtalen om samarbeid mellom terror-etterforskarar og europeiske bankar kom i stand etter terrorangrepa mot USA 11. september 2001.

Både amerikanske og europeiske etterforskarar har sagt at samarbeidet mellom politi og bankvesen har gitt verdfull hjelp i etterforskinga av fleire terroraksjonar, slik som i Madrid i 2004 og i London i 2005.

Dette samarbeidet skal også ha gitt verdfull informasjon til etterforskinga som tidlegare i dag førde til at tre personar vart arresterte av norsk politi, mistenkte for terrorplanlegging, skriv den newzealandske nettstaden stuff.co.nz.

SISTE NYTT

Siste nytt