Hopp til innhold

- Dyrt å samla inn pengar åleine

Låge gjevartal til Pakistan får CARE Norge til å oppfordra norske hjelpeorganisasjonar til å danna ein felles front. – Ineffektivt og uhandterleg, meiner Raudekrossen og Redd Barna.

– Innsamlingsaksjonar er frykteleg dyre. Norske hjelpeorganisasjonar hadde fått inn uendeleg mykje meir pengar om dei hadde gått saman om ei felles innsamling, meiner generalsekretæren i CARE Norge, Marte Gerhardsen.

Men korkje Raudekrossen eller Redd Barna har tru på at ein felles front vil ha ein positiv innverknad på folk si gjevarglede.

Stor katastrofe - lite pengar

Generalsekretær i Care, Marte Gerhardsen

- Når store katastrofar inntreffer, må me setje profileringa av eigen organisasjon til side, seier generalsekretær i Care, Marte Gerhardsen.

Foto: Nina Ruud, pressebilde / Care

Medan millionane nærmast fossa inn til norske hjelpeorganisasjonar etter Haiti-jordskjelvet i vinter og tsunamien i Søraust-Asia i 2004, må dei same organisasjonane no jobbe hardt for kronene til Pakistan.

Det som vert omtalt som den verste flaumen på 80 år, har direkte eller indirekte verknad på 10 prosent av den pakistanske befolkninga. Så mange som 20 millionar mennesker er råka totalt.

I helga sa NUPI-direktør Jan Egeland at det er ein skandale at store bistandsorganisasjonar til no har samla inn oppsiktsvekkjande lite pengar til dei flaumråka i Pakistan.

– Målet viktigare enn middelet

CARE Norge har så langt berre fått inn 420.000 kroner til sitt hjelpearbeid i Pakistan. Til Haiti fekk same organisasjon over tre gonger så mykje pengar. Generalsekretæren fortel at dei dagleg får telefonar frå folk som spør korleis dei kan gje og seier at dei ikkje har sett noko nummer.

Gerhardsen trur også det ville vore enklare for folk å bidra dersom dei hadde

Flaum i Pakistan

Hjelpearbeidarar deler ut mat til flaumofre i landsbyen Bssera nær Muzaffargarh

Foto: Arif Ali / Afp

èin hjelpetelefon og eitt kontonummer å halda seg til.

– Folk bryr seg ofte ikkje om kva for ein organisasjon dei støttar, så lenge pengane kjem fram. Når slike katastrofar inntreffer, må me setja profileringa av eigen organisasjon til side, seier Gerhardsen.

Vil stå åleine

Kommunikasjonssjef i Raudekrossen, Bernt G. Apeland avviser kontant

Bernt Apeland

Kommunikasjonssjef i Raudekrossen, Bernt G. Apeland meiner det er ineffektivt å samkøyre innsamlingsaksjonane.

Foto: Bengt Kristiansen / NRK

påstanden om at eigeninteresser ligg til grunn for deira motvilje mot å jobba saman med andre bistandsorganisasjonar.

– Dette handlar absolutt ikkje om å profilera eigen organisasjon. Vårt mål er å skaffa mest mogleg pengar til dei trengande i Pakistan, og det meiner me at me får best til ved å arbeida via eigne kanalar og støttespelarar.

Han får støtte av kommunikasjonssjefen i Redd Barna, Elisabeth Kjær.

– Vår erfaring er at folk ønskjer å gje pengar via den organisasjonen som står deira hjarte nærmast, legg ho til.

– Uhamseleg

Flaum i Pakistan

Born får mat av hjelpearbeidarar i ein provisorisk nødleir utanfor Sukkur.

Foto: ASIF HASSAN / Afp

Apeland påpeiker at Raudekrossen allereie har ei felles, internasjonal innsamling.

– Desssutan veit me at tilliten mellom gjevar og organisasjon er viktig. Med eit stort og uhamseleg byråkrati vil gjevarane frykte at deira pengebidrag går opp i spinninga, seier kommunikasjonssjefen.

Aukande gjevarglede

Medan Redd Barna så langt har samla inn 1,1 millionar kroner til flaumofra i Pakistan, har Redd Barna fått inn 2,7 millionar kroner. Til samanlikning fekk Raudekrossen inn 70 millionar i private bidrag til jordskjelvofra på Haiti.

Både Raudekrossen og Redd Barna oppfattar likevel at folk er flinke til å gje til Pakistan.

– Beløpet er allereie dobla sidan torsdag førre veke. Denne katastrofen er av ein heilt annan karakter enn Haiti-jordskjelvet der krisa var openbar og overveldande med det same. Det tek tid før folk forstår omfanget av flaumen, seier Apeland i Raudekrossen.

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 13 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.