Hopp til innhold

Drap nesten USA-president nummer to på under eitt døgn

Berre timar etter at JFK vart drepen, heldt den nye presidenten Lyndon Johnson på å bli skoten av si eiga sikkerheitsvakt.

Lyndon B. Johnson blir tatt i ed som president.

Lyndon Johnson blir teken i eid som president etter at John F. Kennedy vart drepen.

Foto: CECIL STOUGHTON / AP

John F. Kennedy blir skutt

President John F. Kennedy vart drepen i 1963 i eit attentat...

Lee Harvey Oswald

...som Lee Harvey Oswald er dømd for.

Foto: AP

Kvelden etter at vart skoten og drepen i Dallas, Texas 22. november 1963, høyrde den hemmelege agenten Gerald Blaine lydar utanfor huset til Lyndon B. Johnson .

Ifølgje den nye boka «The Kennedy Detail» løfta Blaine geværet og gjorde seg klar til å skyte, skriv britiske The Telegraph.

Heldt på å skyte presidenten

Blaine var mindre enn eitt sekund frå å skyte den nye presidenten, berre 14 timar etter at USA hadde misst sin forrige.

«Han hadde venta at skritta skulle forsvinne på grunn av at han gjorde klar geværet sitt, men dei kom nærare. Hjartet pumpa, avtrekkjarfingeren var spent. La meg sjå ansiktet ditt, din....»

I same augneblink kom ansiktet til Lyndon Johnson til syne. Den nye presidenten i USA hadde akkurat runda hjørnet og såg geværet til Blaine peike rett mot seg.

«I den mørke natta vart ansiktet til Johnson kritkvitt» skriv Blaine.

Konspirasjonsteoriar

Lyndon Johnson på besøk i Noreg

Dåverande visepresident Lyndon B. Johnson på besøk i Bodø i 1963.

Foto: Thorberg, Erik / SCANPIX

Kennedy vart skoten då han køyrde gjennom Dealey Plaza i Dallas. Sjølv om det er snart fem tiår sidan det skjedde, er hendinga framleis diskutert og det blir hevda at han var offer for ein konspirasjon.

Mellom anna har den tidlegare CIA-agenten Everette Howard Hunt hevda at Lyndon Johson planla attentat mot Kennedy, og at han vart spurd om å delta i komplottet for å drepe Kennedy.

– Vi spora kommandokjeda heilt fram til dørteskelen til Lyndon Johnson. Han hadde ei trong til å bli president som grensa til galskap, og han såg på JFK som eit hinder på vegen dit - slik han jo faktisk var, sa Hunt i eit radiointervju publisert etter at han var død.

SISTE NYTT

Siste nytt