På ei seng i eit mørkt sjukehusrom i den vesle kystbyen Arcahaie i Haiti, ligg 24-åringen Jacklin Anore. Han har drypp med rehydreringsvæske festa til ein makteslaus venstrarm, og er knapt i stand til å lyfta hovudet frå feltsenga han ligg i.
Anore er ein av over 4000 som får sjukehus-behandling for kolera i den karibiske øystaten Haiti.
– Eg trur ikkje epidemien har nådd toppen ennå. Haitianske styresmakter bør bu seg på det verst tenkjelege - eit smitteutbrot i hovudstaden, åtvarar kolerakoordinator i WHO, Claire-Lise Chaignat.
300 døde
I hovudstaden Port-au-Prince bur framleis 1,3 millionar menneske i provisoriske telt-leirar med svært dårlege sanitære forhold, etter det katastrofale jordskjelvet i januar. Under slike forhold kan koleraen spreie seg som eld i tørt gras meiner WHO og hjelpeorganisasjonane i området
- Sjå dokumentar om jordskjelvet: Då jorda revna
- Sjå dokumentar om Haiti etter skjelvet: Kjære Haiti, hva nå?
WHO sine dystre prognosar står i sterk kontrast til den statusrapporten regjeringa i det kriseråka landet sjølv kom med for få dagar sidan. Ifølgje utanriksministeren er utbrotet no under kontroll. Dei stigande dødstala og auken i smittetilfelle tyder likevel på at WHO gjev eit realistisk bilete av situasjonen.
- LES OGSÅ: – Haiti rammet av koleraepidemi
Koleraepidemien som har brote ut i det jordskjelvråka landet har til no kravd nærare 300 menneskeliv. Med 500 nye påviste smittetilfelle i løpet av onsdagen, er no meir enn 4100 menneske innlagde på sjukehus til behandling for den dødelege bakterien.
Mysterium
Kolera er ein infeksjonssjukdom i mage og tarmsystem som kan føra til voldsom diaré og alvorleg dehydrering.
- LES OGSÅ: Store protester mot kolera-klinikk
Bakterien smittar frå avføring gjennom forureina drikkevatn og mat, men kolera-utbrotet i Haiti framstår enno som eit mysterium.
Ifølgje BBC har sjukdommen ikkje vorte påvist i Haiti sidan 1960-talet, og WHO-ekspertane har ingen ledetrådar i jakta på smittekjelda.
– Me er svært overraska over å ha oppdaga epidemien i Haiti. Me har aldri påvist kolera her før, seier Chaignat i WHO til nyheitsbyrået AFP.
Smitte i reint vatn
I nord og sør på øya er dødstala synkande, men doktorar slår alarm fordi stadig fleire pasientar seier dei berre drakk rensa vatn før dei blei sjuke av koleraen, ifølgje AFP.
- LES OGSÅ: Haiti-kolera av farligste type
Det rensa vatnet frå Artibonite-elva er hovudkjelda til reint drikkevatn for størsteparten av befolkninga i Haiti. Vatnet vert distribuert rundt på øya for hand i små blåe plastikkposar.
Sjølv om posane med vatn er merka «reint» åtvarar helsestyresmaktene no mot å drikka vatnet.
- LES OGSÅ: Haiti kan rammes av nytt skjelv