Hopp til innhold

Åtvara Qantas om motorproblem

Qantas vart åtvara om motorprobem av det europeiske flysikkerheitsbyrået EASA i august, tre månader før eitt av flya deira måtte naudlande etter motorhavari.

Store delar av motoren fall av i lufta

Store delar av Rolls Royce-motoren på Qantas-flyet fall av i lufta.

Foto: ROSLAN RAHMAN / Afp

Torsdag fekk eit Qantas-fly av typen Airbus A380 problem like etter at flyet tok av, og det måtte naudlande i Singapore.

Det australske flyselskapet har parkert alle sine seks A380-fly etter naudlandinga.

Åtvara mot motorfusk

Flyet brukte ein motor frå Rolls Royce. 4. august i år åtvara det europeiske flysikkerheitsbyrået EASA mot denne motoren, skriv avisa The Australian.

– Ikkje bruk motorane ut over det manualen tilseier, heitte det i åtvaringa om dei kraftige Trent 900-motorane som Qantas brukar på sine A380-fly.

Direktivet åtvara om at feil bruk kunne føre til «tap av motorkraft og potensielle problem ved innflygingar».

Qantas-sjef Alan Joyce

- Vi får ofte slik åtvaringar, seier Qantas-sjef Alan Joyce.

Foto: DANIEL MUNOZ / Reuters
Singapore Airlines sjekkar sine Airbus A380-fly

Singapore Airlines sjekkar sine Airbus A380-fly, som har ein annan type motor enn Qantas.

Foto: STEFFEN SCHMIDT / Ap

Qantas-sjef Alan Joyce har vedgått at dei fekk denne åtvaringa.

– Det er ikkje uvanleg at slike åtvaringar kjem, seier han.

Andre flyselskap held fram

Singapore Airlines, Air France, Emirates Airlines og Lufthansa seier dei ikkje har planar om å parkere sine fly av same typen.

– Alle våre A380-fly har motorar av typen Engine Alliance GP7200, skriv Emirates Airlines i ei pressemelding.

Dei andre selskapa har ikkje fortalt kva type motor deira fly har.

Qantas-flyet som måtte naudlande, mista ein stor del av den eine motoren medan det var i lufta.

Dette er den første naudsituasjonen som har oppstått med eit A380-fly. Qantas-flya er rekna for å vere det tryggaste flyselskapet i verda. Dei har ikkje hatt ulukker med dødsfall på meir enn 90 år.

– Snart i lufta igjen

Store undersøkingar er varsla etter naudlandinga. Flyet landa trygt på Changi-flyplassen i Singapore like etter at det tok av på veg mot Sydney.

Qantas-sjef Joyce har sagt at eksplosjonen ikkje kjem av dårleg vedlikehald av motorane.

– Dette handlar ikkje om vedlikehald. Dette er ei motorsak, og motorane har blitt halde ved like av Rolls Royce sidan dei vart installerte på flyet, seier han.

Han trur at alle dei seks Airbus A380-lfya til Quantas kan vere i lufta igjen innan 24 eller 48 timar om det ikkje blir funne feil i undersøkingane.

SISTE NYTT

Siste nytt