Det er i hovudsak heimlause som har blitt offer for sprengkulda i Polen. Siste døgnet har tre menneske frose i hel, melder BBC.
LES OGSÅ:
Sjekk veret på
Kraftig snøfall
Kraftig snøfall sette den franske hovudstaden Paris på hovudet i dag. Eiffeltårnet vart stengt, og Charles de Gaulle-flyplassen måtte halde stengt delar av dagen. Ein verstasjon i Paris har målt 11 millimeter nedbør, altså 11 centimeter snø, i løpet av dagen, det kratigaste snøfallet i verdsmetroplolen sidan 1987.
Det nasjonale trafikkinformasjonssenteret i Frankrike brukte berre eitt ord for å karakterisere situasjonen: «Katastrofe».
Midt på dagen i dag var alle bussruter innstilde i Paris. På motorvegane i og rundt byen var det til tider umogleg å kome fram.
Då var det godt at Metroen gjekk som normalt under bakken.
Stengde vegar
Også Skottland har vore hardt ramma av snø og is dei siste dagane. Først i dag opna motorvegen mellom Edinburgh og Glasgow igjen, etter å ha vore stengd sidan søndag.
I dei sørlege delane av Europa kjem nedbøren som regn, og fleire stader er det flaum.
Ein ni år gammal gut drukna i dag då bilen han var i saman med faren vart teken av vassmengdene då elva Alcudia gjekk over breiddene sine nær byen Almodovar del Campo.
LES MER: Fenomenet som ga iskald vinter i fjor er her fortsatt