Hopp til innhold

Nordmann pågripen for overgrep mot born i Gambia

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein overgrepsdømd nordmann er arrestert i Gambia, mistenkt for seksuelle overgrep mot born. Mannen hadde seks smågutar på soverommet då han vart teken.

Den norske 45-åringen vart pågripen av gambisk politi søndag kveld etter at dei hadde fått ein bekymringsmelding frå norsk politi, ifølgje Aftenposten som siterer den gambiske TV-stasjonen GRTS.

– Me har fått stadfesta at den pågripne er same person som me sende bekymringsmelding om, seier leiar for sedelegheitsseksjonen ved Oslo politidistrikt, Kari-Janne Lid til Aftenposten.

Seks smågutar på rommet

Politiet gjekk til aksjon mot mannen sin bustad på vestkysten av Gambia. Inne på soverommet til mannen fann dei seks smågutar, den yngste var berre tre år gammal, opplyser GRTS.

I tillegg skal gambisk politi ha funne ei rekkje minnekort med det dei kallar «usømelege bilete».

Nordmannen er no arrestert, mistenkt for seksuelle overgrep mot born. I Noreg er mannen tidlegare dømd til fleire års fengsel for overgrep mot born, blant anna mot sin eigen son, skriv Aftenposten.

Ifølgje Dagbladet har sedelegheitsavsnittet i Oslo ein pågåande etterforsking mot 45-åringen.

Betalte for klede og skule

Arrestasjonen var ein av hovudsakene på dei nasjonale gambiske nyheitene måndag kveld.

Ifølgje ein talsmann for politiet, Yerro Mballow, skal 45-åringen ha betalt for både skulegang og klede til borna.

– Det som er trist er at to av borna som blei funne saman med mannen er born som bur i same leilegheitskompleks som mannen. Borna har fått lov av sine familiar til å sova hjå mannen, fortel Mballow.

Skal besøkja mannen

Ifølgje Aftenposten er strafferamma for seksuelt overgrep mot born i Gambia utført av ein turist 14 års fengsel. Produksjon av barnepornografi kan straffast med opp til fem års fengsel.

Konsul Robert Hardmark ved det norsk-svenske konsulatet i Gambia seier til avisa at han no vil besøkja den pågripne nordmannen for å forvissa seg om at rettane hans vert tekne vare på.

SISTE NYTT

Siste nytt