Hopp til innhold

- ElBaradei får inga sentral rolle

Opposisjonsfiguren Mohamed ElBaradei (68) blir ikkje ein viktig leiarskikkelse i Egypt i åra som kjem, trur fleire Egypt-kjennarar.

Lasse Seim, tidligere norsk ambassadør til Egypt

Lasse Seim, tidlegare norsk ambassadør til Egypt, om situasjonen i landet

Mohamed ElBaradei sammen med demonstranter i Kairo

Mohamed ElBaradei saman med demonstrantar i Kairo.

Foto: MOHAMMED ABED / AFP PHOTO

Elbaradei seier søndag til CNN at han har det egyptiske folket si velsigning til å peika ut ei ny regjering i landet.

– Eg har fått eit mandat frå folket som har organisert demonstrasjonane, og fleire andre partar, til å peika ut regjeringa, seier han til fjernsynskanalen.

Men seniorrådgjevar i Utanriksdepartementet (UD) og tidlegare norsk ambassadør til Egypt, Lasse Seim, meiner ElBaradei ikkje har stor oppslutnad blant den gjengse borgar i Egypt.

– Dei eg har snakka med i Egypt har ikkje tru på at ElBaradei vil bli en viktig leiarskikkelse i Egypt i åra som kjem, seier Seim.

– For mykje utanlands

ElBaradei, som frå 1997 til 2009 var generaldirektør i Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA), har motteke Nobels fredspris for sitt arbeid i å hindra at kjernefysisk energi vert nytta til militære føremål.

Han er utdanna jurist, og har representert Egypt ved FN-kontora i New York og i Genéve.

– Egyptarane meiner ElBaradei har tilbrakt mykje av livet sitt i utlandet. Han er ein typisk diplomat, ikkje veldig karismatisk og han kom seint på bana i desse opptøyane, seier Seim.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Mohamed ElBaradei reiser til Egypt for å støtte demonstrantene

Profil av Mohamed ElBaradei, egyptisk diplomat, byråkrat og opposisjonsfigur.

Side om side med folket

Uroa i Egypt eskalerte kraftig sist tysdag, og har sidan heldt seg på eit kritisk nivå. Då ElBaradei kom til Kairo seint torsdag kveld, erklærte han seg klar til å «leia overgangen »i Egypt.

Søndag kveld var han tilstades i episenteret til demonstrasjonen, Tahrir-plassen i Kairo, saman med titusenar av regimekritikarar som ønskjer å styrta den sitjande presidenten Hosni Mubarak.

– De har vunne tilbake fridomen dykkar. Me går mot eit nytt Egypt, sa opposisjonsleiaren i ein tale til folkemassene.

– ElBaradei er «Vestens mann»

Professor og sosialantropolog Unni Wikan

Professor i sosialantropologi, Unni Wikan.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX
Mubarak

President Hosni Mubarak var sjef for det egyptiske luftforsvaret i perioden 1972 til 1975.

Foto: HO / Reuters

Egypt-eksperten Unni Wikan, professor i sosialantropologi ved Universitetet i Oslo, gjev Seim rett i at ElBaradei ikkje er ei heit potet blant vanlege folk i Egypt.

– ElBaradei er ein viktigare figur utanfor Egypt enn innanfor. Han er «vår» mann, fortel Wikan til NTB.

Professoren seier det er eliten og dei velutdanna som er tilhengjarane hans.

Militarismen rår

I Egypt har alle presidentane etter kongens fall i 1952 vore av militær bakgrunn. Den sitjande presidenten, Mubarak, har sjølv ei fortid som sjef for det egyptiske luftforsvaret.

Spørsmålet mange stiller seg no, er om stafettpinnen vil gå til nok ein militærmann dersom Mubarak trekkjer seg frå presidentvervet.

– Eg vil tru at det blir ein overgangsregjering med militæret dersom Mubarak no trer av, seier Seim i UD.

(Artikkelen held fram under videoen).

Video Profil av Hosni Mubarak, Egypts president

Profil av Hosni Mubarak, Egypts president

– Suleiman blir viktig

Før helga gav Mubarak regjeringa sparken, og danna ny regjering i håp om å få regimekritikarane til å teia.

Med ein tidlegare luftforsvarsjef som ny statsminister, og ein etterretningssjef i visepresident-stolen, har Mubarak sikra at militarismen framleis rår i dei politiske topposisjonane i landet.

Seim spår at særleg den nye visepresidenten, Omar Suleiman, vil bli ein viktig person i Egypt framover.

– Han har hatt ansvaret for alle regionale spørsmål i Egypt dei siste 20 åra. Han har hatt nære forbindingar med USA, israelarane, palestinarane og med andre arabiske land, fortel Seim.

– USA nervøse om Egypt endrar kurs

Omar Suleimann (t.v.) tas i ed som ny visepresident

Omar Suleimann (t.v.) vert teken i eid som ny visepresident i Egypt.

Foto: AFP PHOTO / HO / AL MASRIYA TV

Han viser også til at Suleiman har vore ein alliert for USA i spørsmålet om utvikling av kjernevåpen i Iran, i fredsprosessen mellom israelarane og palestinarane og i handteringa av Hamas.

– Han er ein nøkkelperson i israelsk politikk. Utnevninga av Suleiman som ny visepresident vert nok difor oppfatta som eit beroligande teikn av USA og Israel.

Kva skjer om Egypt «fell»?

– Om det blir eit heilt nytt regime med ein annan utanrikspolitikk, så vil dynamikken i denne regionen endra seg heilt. Det vil gjera israelarane og amerikanarne nervøse, seier den tidlegare Egypt-ambassadøren Seim til NRK.

SISTE NYTT

Siste nytt