Hopp til innhold

Faremo: - Ikkje aktuelt å væpna libyske opprørssoldatar

Det er uaktuelt for Noreg å bidra til å væpna libyske opprørarar, ifølgje forsvarsminister Grete Faremo (Ap).

Faremo møter norske flygere

Forsvarsminister Grete Faremo møtte norske flygarar på Kreta i dag.

Foto: Jørn Tveter / NRK

Forsvarsminister Grete Faremo (Ap) på Kreta

Her blir forsvarsminister Grete Faremo møtt av Forsvaret på Kreta i natt.

Foto: Jørn Tveter / NRK

USA sin president Barack Obama seier i eit nytt intervju med
amerikanske media at han ikkje er framand for å sende våpenforsyningar til dei libyske opprørarane.

– Dersom vi ønskjer å væpne opprørarane, så kan vi gjere det.

Den norske forsvarsministeren meiner derimot at det ikkje vil vere riktig å ruste ut regimekritikarane med våpen. Ho meiner FN-resolusjonen, som mandatet til Libya-operasjonen kviler på, ikkje opnar for ei slik handling.

– Situasjonen opnar for mange spørsmål, men dette spørsmålet synest eg ikkje det er riktig å opne for. Resolusjonsteksten i seg sjølv kan sikkert diskuterast, men eg synest ikkje dette er ein fruktbar diskusjon, seier Faremo til NRK.

Innanfor NATO skapar spørsmålet om væpning av opprørarane strid og usemje, men Faremo får støtte frå generalsekretæren i NATO, Anders Fogh Rasmussen.

– Me er der for å verne menneske, ikkje væpne dei, seier han.

Tilfreds med norske pilotar

Forsvarsministeren møtte natt til onsdag den norske Libya-styrken på jagarflybasen på Kreta.

Faremo landa på Kreta like før midnatt natt til onsdag for å inspisere og takka dei norske soldatane som er der for å delta i operasjonen i Libya.

Bodskapen hennar er tydeleg.

– Eg er tilfreds med måten dei har løyst oppdraget på så langt, seier forsvarsministeren til NRK.

– Og eg er veldig godt nøgd med at dei greidde å bli operative så raskt som dei gjorde, er den korte beskjeden ho hadde til soldatane på Souda Bay-basen.

Tilbakeslag mot opprørarane i Libya

Opprørarane kjempar på bakken for å bli kvitt leiaren Muammar al-Gadaffi.

Foto: Anja Niedringhaus / Ap
Her skyter Norge mot Libya

Noreg deltek i ein internasjonal koalisjon for å hjelpe opprørarane. Her eit nedslag frå eit norsk bombeslepp.

Foto: Forsvaret

Noreg bombar Libya

Fredag 25. mars var norske pilotar på tokt over Libya . Dei bomba mål på bakken, men ifølgje Forsvaret gjekk ingen sivile liv tapt.

Natt til laurdag 26. mars gjennomførde Noreg nye angrep frå lufta . Heller ikkje då skal sivile liv ha gått tapt.

Mandatet FN har i Libya går ut på å gi vern til sivile, opprette ei flyforbodssone og å stanse levering av våpen til landet.

Det opnar ikkje for jakt på leiaren Muammar al-Gaddafi.

– Reddar sivile liv

Tidlegare på onsdag sa statsminister Jens Stoltenberg at den norske innsatsen har bidrege til å redde liv i Libya.

– Det var heilt riktig at Noreg tok sin del av ansvaret for å verne sivile i Libya. Menneskeliv er redda. Vi har gjort den militære evna til regimet dårlegare, og vi har hindra omfattande overgrep mot sivile, sa han.

Den britiske utanriksministeren William Hague har i dag sagt at den libyske opposisjonen er strålande nøgd med innsatsen frå koalisjonsstyrken.

I dag er det også blitt klart at fleire land har slutta seg til 1973-resolusjonen, og blir med på operasjonen. Mellom anna har Sverige sagt ja til å sende fly .

SISTE NYTT

Siste nytt