Innanriksministeren i England Theresa May avsluttar nå ferien sin og kjem attende til eit London prega av store opptøyar.
Sidan laurdag kveld har over hundre personar blitt arrestert og fleire titals polititenestemenn har blitt skadde. I tillegg har det vore store materielle øydeleggingar i opptøyane som pregar byen.
- Les òg:
- Les òg:
– Tar situasjonen på alvor
– Om ikkje politiet effektivt klarar å slå ned opptøyane nå, er det stor fare for at dette kan eskalera, seier Jan Erik Mustad som er førstelektor i britiske studiar ved Universitetet i Agder.
Han tar heimkomsten til Theresa May som eit teikn på at regjeringa ser alvoret i situasjonen.
Ifølgje BBC skal May i møter med politiet når ho kjem til London i ettermiddag etter den andre natta med opptøyar i hovudstaden.
– Det har lenge ulma
Dei valdsame opptøyane hadde sitt utspring i ein demonstrasjon etter 29 år gamle Mark Duggan blei skoten og drepen av politiet i Tottenham på torsdag.
Mustad meiner likevel at dette drapet berre hadde ein utløysande effekt på eit sinne som lenge har ligge å ulma under overflata.
Han meiner at opptøyane er eit resultat av misnøye med svære økonomiske innsparingar som koalisjonsregjeringa skal gjera.
- Les òg:
– Drapet blir av mange berre brukt til å rettferdiggjera at dei nå står på barrikadane, seier han.
Spesielt i bydelar som Tottenham, Brixton, Enfield og Southall meiner han at det nå er så store sosiale skilnader at opptøyar ikkje har vore til å unngå:
– Det skal stramast inn med fleire milliardar pund dei neste åra. I slike situasjonar er det ofte utsette grupper som arbeidsledige, folk i utsette jobbar og liknande som blir hardast ramma, seier han.
Han seier at sinnet breiar om seg i heile folket, men legg han til at det er dei kriminelle ungdomsgruppene som står bak valden og øydeleggingane ein ser.
Fleire nylege demonstrasjonar
I mars i år gjekk fleire titusen i demonstrasjonstog i London på grunn av regjeringa sine innstramingar, også denne demonstrasjonen blei delvis kuppa av valdelige demonstrantar.
Også i november i fjor blei ein studentdemonstrasjon mot dei same kutta om til ein demonstrasjon med ramponering og personskadar.
- Les òg:
Jan Erik Mustad trekk parallellar til Storbritannia i 1982 og 83:
– Då stod Margaret Thatcher for stor kutt. Noko som resulterte i enorme opptøyar som liknar dei me ser i dag. Desse fekk smitteeffekt til andre byar som Liverpool, Manchester og Birmingham. Resultatet var fleire utbrente strok, seier han.
Han seier at det nå er fare for at det same kan skje nok ein gong.
– Det ein ser i London nå er eit bilete på eit Storbritannia med stor sosial misnøye som har utvikla seg over tid, men som blir forsterka når regjeringa må setja inn sparetiltak.