Gaddafi-styrkane har framleis makta i byane Sirte, Bani Walid, Jufrah og Sabah. Særleg i Sirte, fødebyen til Gaddafi, er det mange som støttar den tidlegare diktatoren. Det har vore rykte om at Muammar Gaddafi skal opphalde seg i Bani Walid, men det går mange rykte i Libya i desse dagar.
Usikkert i Sirte
Det kom tidlegare i dag også meldingar om at Det libyske overgangsrådet sine soldatar alt har innteke byen, men dette er også truleg berre rykte.
NRKs Midtausten-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen oppheld seg i Tripoli. Han seier det truleg er fornuftig av overgangsrådet å utsetje væpna angrep på desse byane.
Det er ein usikker situasjon i Sirte, som er fødebyen til Gaddafi. Her har han sterk støtte, men det er uklart kor mange av hans støttespelarar som er under våpen. Også maktkonstellasjonen i denne byen er noko uklar. Det er også eit spørsmål om kor mange fangar Gaddafi-regimet har teke med seg til byen.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Vil unngå blodbad
Falkenberg Mikkelsen fortel at det er 50.000 fangar det ikkje er gjort greie for, og det går rykte om at dei er tekne til Sirte. Han trur eit blodbad i Sirte kan skade overgangsrådet si stillling internasjonalt.
NRK-korrespondenten har høyrt rykte om at stammeleiarar i byen har bede om garantiar for at det ikkjeblir plyndring i byen når overgangsrådet sine soldatar går inn, men det er uklart kva som eigentleg ligg i dette. Ingen veit kor stor makt desse stammeleiarane har, eller kor mange soldatar har under sin kommando.
Falkenberg Mikkelsen trur det vil kome eit angrep på dei opprørshaldne byane, dersom dei ikkje overgir seg. Men han meiner dei nye makthavarane i Libya har det militære momentum på si side, og at dei har god tid. Men dei kan ikkje vente for lenge heller.
- Eg var ved fronten nyleg, og eg trur soldatane er klare til å gå inn om dei må, seier han.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Tripoli utan vatn
Vassforsyninga til Tripoli er eit eksempel på at det hastar å få kontroll over heile landet. Vatnet til hovudstaden kjem frå den sørlege delen av landet, der Gaddafi-tilhengjarane har kontroll.
Dei har stengt av vassforsyninga, og Falkenberg Mikkelsen fortel at det ikkje har vore vatn i springen i Tripoli den siste veka.