Hopp til innhold

– Har omringa Gaddafi

Opprørarane i Libya hevdar å ha omringa Muammar al Gaddafi. Om kort tid er diktatoren fanga eller drepen, seier kjeldene.

LIBYA/ File photo of Libya's leader Gaddafi attending FAO food security summit in Rome

Opprørarar seier dei har sirkla inn Muammar al-Gaddafi på libysk jord.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Ein talsperson for det nye militæret rådet i Tripoli seier til nyheitsbyrået AP at libyske opprørarar har funne skjulestaden til Gaddafi.

– Han kjem seg ingen veg, seier Anis Sharif og hevdar at det berre er eit spørsmål om tid før den tidlegare diktatoren vert fanga eller drepen.

Kjeldene vil ikkje gå i detaljar om kvar dei skal ha lokalisert Gaddafi. Ifølgje Sharif har opprørsstyrkar omringa eit område med ein radius på rundt 60 kilometer.

– Gaddafi kjenner seg sterk

Dersom opprørsstyrkane greier å få kloa i Gaddafi, vil det vera den definitive slutten på det 42 år lange, brutale regimet.

Ein nær støttespelar av Gaddafi seier også at han oppheld seg på libysk jord, men avviser at eks-diktatoren sit i saksa.

Den syrisk-stasjonerte TV-kanalen «Arrai Oruba» er den einaste medieaktøren som har direkte kontakt med Gaddafi og familien hans, ifølgje AFP. Eigaren av fjernsynsstasjonen, Mishan al-Juburi avviser at Gaddafi har tenkt å rømma til eit anna land.

– Eg har snakka med Gaddafi nyleg. Han er i Libya og ved godt mot. Han kjenner seg sterk og er ikkje redd. Gaddafi er villig til å døy i kampen mot okkupantane seier Mishan al-Juburi.

LIBYA/ An anti-Gaddafi fighter makes tea in Al-Noflea

Ein Gaddafi-motstandar lagar seg te medan han ventar på at soldatane i Sirte skal overgje seg.

Foto: ESAM OMRAN AL-FETORI / Reuters

Rykter og spekulasjonar

Dei siste spekulasjonane har gått på at Gaddafi oppheld seg i fødebyen Sirte. Dei nye makthavarane i det arabiske landet har gjeve dei Gaddafi-lojale soldatane som kontrollerer Sirte frist på ei veke til å vifte med det kvite flagget.

Opprørarande meiner også at dei har lokalistert andre høgtståande figurar i regimet i Bani Walid. Ørkenbyen 180 kilometer sør for Tripoli har dei siste dagane vore omringa av fleire tusen opprørssoldatar.

Andre hevdar at Gaddafi vurderer å slutta seg til ei militærkolonne som er på veg til Burkina Faso, via Niger.

Fleire hundre pansra køyretøy frå hæren til Gaddafi kom måndag fram til ørkenbyen Agadez i Niger, fortel franske og nigeriske militærkjelder til fleire nyheitsbyrå.

Burkina Faso har tidlegare opna for å gje Gaddafi eksil, men trekte i går tilbake tilbodet.

Saka vert oppdatert.

SISTE NYTT

Siste nytt