Hopp til innhold

Jubel for Shalit i heimbyen

Jubelen ville ingen ende ta då den frigitte soldaten Gilad Shalit kom i helikopter tilbake til heimen sin i landsbyen Mitzpe Hila i det nordlege Israel i ettermiddag.

Video Shalit møtt som en helt i landsbyen

VIDEO: Shalit teken mot som ein helt i landsbyen sin.

Jubel for Gilad Shalit i heimbyen Mitzpe Hila.

Gledesscener i Mitzpe Hila etter at Gilad Shalit kom heim etter over fem år i fangenskap på Gazastripa.

Foto: MENAHEM KAHANA / Afp

Dei fleste av dei 600 innbyggjarane i landsbyen har i dag fylgt fjernsynssendingane sidan Shalit vart sett fri via store skjermar i sentrum av den vesle landsbyen, ikkje langt frå grensa til Libanon. Israelsk fjernsyn har sendt direkte frå fangeutvekslinga i heile i dag.

Det var ei sterk oppleving or dei frammøtte då Gilad Shalit i føremiddag fekk møte foreldra sine .

Roser i gatene

Like før klokka 17 landa militærhelikopteret med Gilad Shalit om bord like utanfor Mitzpe Hila, og det var første gong på over fem år han kunne setje foten sin på heimleg jord.

Gilad Shalit saman med foreldra sine.

Gilad Shalit saman med foreldra sine i Tel Aviv tidlegare i dag.

Foto: GPO / Afp

Til heimkomsten hadde innbyggjarane strødd gatene med roser og sett opp store banner som helsa den unge soldaten velkomen heim. Då han kom køyrande inn i byen i ein militærkortesje vifta folk med israelske flagg og plakatar som ynskte han velkomen tilbake.

Det var til dels ekstatiske gledesscener blant dei frammøtte.

Gilad Shalit sat i 1941 døgn som fange hos Hamas på ukjend stad på Gazastripa, før han vart sett fri i dag i byte med rundt 1000 palestinske fangar i Israel. Det var kjenslemessig tøft for han då han for første gong snakka til pressefolk tidlegare i dag.

Gilad Shalit kom tilbake til landsbyen sin saman med faren.

Gilad Shalit kom tilbake til landsbyen sin i helikopter saman med faren.

Foto: JACK GUEZ / Afp

Mangel på frisk luft

Legar som undersøkte den unge soldaten då han kom til Israel i føremiddag, seier at han er ved bra helse, men at han heilt tydeleg hadde fått for lite frisk luft under det ufrivillige opphaldet på Gazastripa.

Gilad Shalit kom til heimbyen i dette helikopteret.

Gilad Shalit kom tilbake til landsbyen sin i dette helikopteret.

Foto: JACK GUEZ / Afp

Han vart teken til fange då ei væpna gruppe frå Hamas gjekk til angrep på ein israelsk militærpost i juni 2006.

Faren Noam Shalit seier i kveld at GIlad kjenner seg bra, men at han har problem med ein del sårskadar som ikkje vart godt nok behandla i palestinsk fangenskap. Han seier også at sonen truleg vil trenge profesjonell hjelp før han kan starte eit normalt liv i Israel.

Noam Shalit sa også at Gilad levde under svært vanskelege forhold dei første åra i fengsel, men at det har blitt betre dei siste par åra.

– Vi opplevde sonen vår si atterføding i dag, sa han på ein improvisert pressekonferanse i Mitzpeh Hila.

Video Galid Shalit fri etter over fem år

VIDEO: Gilad Shalit fri etter over fem år

IDen israelske soldaten Gilad Shalit

Gilad Shalit kom tilbake til landsbyen sin i det nordlege Israel like før klokka 17 i dag.

Foto: - / Afp

LES OGSÅ: Første bilder viser sliten Shalit

LES OGSÅ: Sterke reaksjoner mot løslatelse av palestinere med «blodige hender»

LES OGSÅ: Føler seg sviktet av Israel

LES OGSÅ: – Shalit-avtalen er en god avtale for Netanyahu

SISTE NYTT

Siste nytt