Hopp til innhold

Innfører spesialtiltak etter ny drapsbølgje i Malmø

Tysdag vart nok ein person skoten og drepen i Malmøs gater i Sverige - det femte drapet i byen på kort tid. Svensk politi samanliknar situasjonen med seriedrapa i 2010.

Skuddrama i Malmø Sverige

Politiet i den svenske byen Malmø jaktar på nye gjerningsmenn etter ei rekkje drap den siste tida.

Foto: Johan Nilsson / SCANPIX

Ein mann i 50-åra vart tysdag føremiddag skoten og drepen i Malmø, den tredje største byen i Sverige.

Vitne fortel til SVT at personar som var på staden måtte springa i dekning då det blei losna skot i området.

Skytedrapet er det femte i Malmø sidan 24.november 2010, og skjer berre dagar etter at ein 15år gammal gut blei drepen av eit skot i hovudet under nyttårsfeiringa.

– Dette er ein eksepsjonell situasjon, sa politimeister Eva Årestad Radner på ein pressekonferanse etter drapet tysdag, ifølgje SVT.

Dreg parallellar til drapsbølgje i 2010

Svensk politi trekkjer no parallellar til situasjonen i byen då den såkalla Malmø-skyttaren både drap og forsøkte å ta livet av fleire personar med innvandrarbakgrunn på kort tid i 2010.

– Dette begynner å likna på den situasjonen me hadde under perioden med serieskyttaren, seier politimeister Radner til den svenske fjernsynskanalen.

Drapsbølgja som den gongen rysta den svenske byen, tok først slutt då Malmø-skyttaren, ein 39år gammal mann vart pågripen den 6.november 2011.

Mannen er no tiltalt for tre drap og tolv drapsforsøk. Svensk politi etterforskar framleis fleire drapsforsøk som dei mistenkjer at 39-åringen kan ha stått bak.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Ikkje ny serieskyttar

Politiet set no alle klutar til for å få slutt på drapa. Dei avviser likevel at det er snakk om ein ny serieskyttar.

– Me vurderer det som at det ikkje er ein ny serieskyttar på ferde. Men me kjem til å be gjerningsmannprofilgruppa om å sjå på nokre av drapa. Me vil be om deira hjekp for å vera sikre, opplyser Börje Sjöholm i Länskriminalpolisen.

Malmøpolitiet har også omdisponert lokalt personell og får hjelp frå svenske rikskriminalpolisen, som tilsvarar Kripos i Noreg.

– Når me har så mykje på ein gong gjeld det å få struktur på arbeidet. Difor gjer me det same no som under serieskytinga i 2010, og spesialkommanderer politifolk til å hjelpa til i etterforskinga, opplyser politimeisteren.

Politiet vil også styrka sitt nærvær i byen. Frå og med i kveld vil politipatruljar vera godt synlege i gatene, og snakka med folk i området der det siste drapet skjedde.

Video 50-åring skutt i Malmö

En 50-åring ble tirsdag skutt og drept i Malmø - offer nummer fem på fem uker.

SISTE NYTT

Siste nytt