Irak: – Tyrkia blir ein fiendtleg stat

Statsminister i Irak (t.v.) skuldar statsminister i Tyrkia Tayyip Erdogan for å blande seg inn i irakisk politikk.
Foto: Fotomontasje– Tyrkia si innblanding i Irakisk politikk gjer at dei blir oppfatta som ein fiendtleg stat i heile Midtausten, meiner statsministeren i Irak.
Publisert 20.04.2012 23:31.
- Skriv ut
Statsminister al-Maliki i Irak skuldar den tyrkiske kollegaen sin Tayyip Erdogan for å blande seg inn i irakisk politikk, og for å skape spenningar mellom fleire land i Midtausten.

Statsminister Nuri al-Maliki i Irak skuldar den tyrkiske kollegaen sin for å blande seg inn i Irakisk politikk.
Foto: KARIM KADIM/AFP– Illusjon om overherredøme
– Erdogan har ein illusjon om at Tyrkia har overherredøme i regionen, seier Maliki i ei kunngjering på nettstaden sin. Han meiner Tyrkia si innblanding i Irakisk politikk er uheldig for forholda mellom fleire land.
– Dersom han insisterer på å halde fram denne politikken, vil det øydeleggje for Tyrkia sine interesser og gjere landet til ein fiendtleg stat for alle, seier Maliki.

Statsminister i Tyrkia, Tayyip Erdogan, skuldar Irak for å vere for egoistisk i eigen politikk.
Foto: ADEM ALTAN/Afp
– Irak er for egoistiske

Statsminister i Tyrkia, Tayyip Erdogan, skuldar Irak for å vere for egoistisk i eigen politikk.
Foto: ADEM ALTAN/AfpUtspelet vart lagt ut etter at Erdogan torsdag skulda Maliki for å vere for egoistisk i den irakiske politikken, etter eit møte med presidenten i dei sjølvstyrte kurdiske områda nord i Irak, Massud Barzani.
– Statsministeren i Irak si behandling av koalisjonspartnarane sine og den egoistiske tilnærminga han har til irakisk politikk, bekymrar fleire sjiamuslimske grupper, sa den tyrkiske statsministeren ifølgje lokale medium.
Spenningar mellom religiøse grupper
Majoriteten i Tyrkia er Sunnimuslimar, medan Sjiamuslimar er flest i Irak.
Forholdet mellom Irak og Tyrkia har vore dårleg lenge. Tidlegare i år åtvara Erdogan Maliki mot å auke spenningane mellom dei to religiøse gruppene.
Maliki svarte med å seie at utspelet var ein provokasjon for alle irakarar.
Tyrkia har kalla inn den irakiske ambassadøren for å uttrykke misnøye over situasjonen, og Irak har gjort det same med den tyrkiske ambassadøren.
Syria-konflikten splittar
Tyrkia og Irak har også gått i forskjellige retningar når det gjeld konflikten i Syria.
Syria sin president Bashar al-Assad høyrer til ei sekt som spring ut av den sjia-muslimske retninga av islam. Opprøret mot han blir leia av sunnimuslimar.
Mellom anna meiner presidenten i Tyrkia at Irak bør halde seg unna konflikten i Syria.
LES: Tyrkia gir Assad en siste advarsel
Erdogan har tidlegare vist støtte til at Assad bør trekkje seg som president i Syria, medan Maliki meiner det er i Irak si beste interesse å ikkje blande seg, og ikkje støtte nokon av partane i konflikten.
Konflikten har skapt eit større skilje mellom sunni- og sjiadominerte statar i Midt-Austen.
Tyrkia
- Turister omkom i luftballong-ulykke
- Ni drept i ny eksplosjon i Tyrkia
- Tyrkia har arrestert hovedmistenkt
- Obama vil fjerne Assad
- Tyrkia: Ni tatt etter bombeangrep
- 41 drept i eksplosjoner i Tyrkia
- Netanyahu beklagar drap på skip
- Öcalan ønsker våpenhvile med Tyrkia
- 29 års borgerkrig kan ta slutt
- Lesbiske fosterforeldre i skjul
- Tyrkias statsminister hudflettes
Irak
- Bølge av bilbomber i Irak
- Flere drept i angrep i Irak
- Bomber drepte over 60 i Irak
- Tolv døde i bombeangrep i Irak
- Dømt til livstid for soldatdrap
- Forstå sunni/sjia-konflikten
- 300 uregelmessigheter ved Irak-valg
- – Minst 27 drept i Bagdad
- 21 henrettet i Irak tirsdag
- Nye blodige angrep i Irak
- Flere drept i bombeangrep
Nyheter fra verden
- Nye opptøyer i Stockholm
- Amerikanske droner drepte Awlaki
- – Mange reddet av tornadorom
- Borgermester i crack-skandale
- Pakistansk politi: Bestillingsdrap
- Venn av Boston-bomber tilsto drap
- Mann pågrepet for IRA-angrep
- Brutalt gateangrep i London
- Avliver 10.000 hester i Australia
- Zimbabwes grunnlov endelig signert




