Hissar til krig på begge sider av den koreanske halvøya
VIDEO: Kraftig retorikk på den koreanske halvøy. Reporter er Gunnar Myklebust.
Det er kraftig krigsretorikk på begge sider av grenselina mellom dei to koreanske statane. Situasjonen er meir spent enn på svært lenge.
Publisert 24.04.2012 18:48. Oppdatert 24.04.2012 19:04.
- Skriv ut
Videobileta over frå den sørkoreanske hovudstaden Seoul og den nordkoreanske hovudstaden Pyongyang viser tydeleg kor spent situasjonen mellom dei to landa er no. Det er stor frykt for kva som kan skje dersom Nord-Korea verkeleg gjennomfører ein ny atomtest.
Mislukka rakettoppskyting

– Drep Kim Jong-un, står det på plakaten til denne mannen i den sørkoreanske hovudstaden Seoul.
Foto: Lee Jin-man/ApDet var Nord-Koreas mislukka prøveoppskyting av ein rakett i samband med 100-årsjubileet for landsfaderen Kim Jong-il, som starta denne siste feiden mellom dei to landa.
Sør-Koreas president Lee Myung-bak var raskt ute og kritiserte nabolandet for å bruke pengane sine på rakettar og atomprogram, medan mange av innbyggjarane manglar mat på bordet.
Dette førde igjen til eit enormt raseri i nord, og på ein stor parade sist helg vart den sørkoreanske presidenten framstilt som ei rotte. Ein kvinneleg nyheitsopplesar på det statlege fjernsynet kom med truslar om at Nord-Korea er klar til øydeleggje store delar av den sørkoreanske hovudstaden Seoul.
– Klare til å angripe
Tysdag vart det brent dokker av Lee Myung-bak, og soldatar stod fram på fjernsynet om fortalde harmdirrande om kor klare dei er til å angripe nabolandet. Ein soldat seier at han er klar til å gå laus på Myung-bak berre med tørre nevar.

Nordkoreanske soldatar øver på å stikke bajonetten i den sørkoreanske presidenten.
ApDet har ført til folkeleg mobilisering også i Sør-Korea, og i dag vart det stukke bajonettar og brent dokker som framstilte den noverande nordkoreanske leiaren Kim Jung-un.

Kim Jong-un er framleis øvste leiaren i Nord-Korea, trass i den mislukka rakettoppskytinga.
AfpFolk som blir intervjua på gata i Seoul seier rett ut at det no er på tida å gå til eit militært angrep på Nord-Korea.
LES OGSÅ: – Gi oss ordren om å marsjere
Klar for atomprøvesprenging
I dag melde nyheitsbyrået Reuters at ei høgtståande kjelde i det nordkoreanske maktapparatet har sagt at landet no er nesten klar til å gjennomføre ei ny atomprøvesprenging. Denne kjelda har også tidlegare hatt rett om tidlegare nordkoreanske atomprøvesprengingar.
Med det sinnet som no rår på begge sider av demarkasjonslina mellom dei to koreanske statane, er det stor internasjonal frykt for kva som kan skje dersom Nord-Korea verkeleg gjennomfører prøvesprenginga.
USA åtvarar Nord-Korea
Ein talsmann for Det kvite hus i Washington åtvarar i kveld på det sterkaste Nord-Korea mot å gjennomføre atomprøvesprenginga.
– Pyongyang burde avstå frå fleire fiendtlege og provokative handlingar. Dei gjer ingenting for å fremje fred på den koreanske halvøya eller i det nordaustlege Asia, sa talsmann Jay Carney på eit pressemøte i Det kvite hus.

Dette satellittbiletet av Pyongyang 15. april i år viser folkehavet som deltok i 100-årsjubileet for Kim Il Sungs fødsel.
ApNord-Korea
- Nord-Korea har avfyrt tre raketter
- Dømt til 15 år i Nord-Korea
- Sør-Korea ut av Keasong
- Sør-Korea vil snakke med Nord-Korea
- Nord-Korea: Vil angripe uten varsel
- Feirer Nord-Koreas landsfader
- USA vil forhandle med Nord-Korea
- USA og Kina enige om Koreahalvøya
- – Nord-Korea gjør en stor tabbe
- Tilbakeviser atomvåpenpåstander
- – Nord-Korea kan sende atomrakettar
Nord-Koreas atomprogram
- Sør-Korea ut av Keasong
- Sør-Korea vil snakke med Nord-Korea
- USA og Kina enige om Koreahalvøya
- – Nord-Korea kan sende atomrakettar
- – Nord-Korea med rakett i posisjon
- Nordkoreansk spion snakkar ut
- Sør-Korea oppjusterer trusselnivået
- USA utsetter rakett-test
- Fryktar nordkoreansk rakettangrep
- Avslappet i sårbare Seoul
- Kim Jong-un viser myk side hjemme
Sør-Korea
- Nord-Korea har avfyrt tre raketter
- Sør-Korea ut av Keasong
- Sør-Korea vil snakke med Nord-Korea
- Nord-Korea: Vil angripe uten varsel
- Helikopterstyrt nær Nord-Korea
- Stemningen spent på grensen
- – Nordmenn forlater ikke Sør-Korea
- Frykter for familien i Sør-Korea
- – Kim Jong-un mangler respekt innad
- Bruker fiendene som blink
- USA tar alle forholdsregler
Nyheter fra verden
Fem skadd i rakettangrep mot Beirut - Frykter barnesoldat-rekruttering
- Flere arrestasjoner i London-drapet
- Første homoparade i Ukraina
- 23 personer drept av maoister
- Fransk soldat knivstukken
- Fikk Gerhardsen til å endre syn
- Hellas frir til Norge med fersken
- Mood forsvarer Syria-farere
- En teddybjørns symbolkraft




