– Dette er mykje større enn Watergate-skandalen

Politiet i Phoenix, Arizona viste fram våpen som meksikanske kriminelle har brukt, etter å ha kjøpt dei i amerikanske våpenhandlarar med støtte frå styresmaktene.
Foto: Matt York/ApEin våpenskandale i USA kan ha forårsaka døden til fleire tusen meksikanarar. – Skandalen burde føre til at Obama trekkjer seg som president, hevdar amerikansk forfattar.
Publisert 08.05.2012 07:21.
- Kommentarer
- Skriv ut
Amerikansk politi trudde dei skulle fange meksikanske storkriminelle som aldri før ved å GPS-merke våpen og selge dei til våpensmuglarar. Men det aller meste gjekk gale i operasjon «Fast and Furious»
Operasjonen har ført til at tre amerikanske grensevaktar og politimenn, og minst 300 meksikanarar, er blitt drepne med våpen kjøpt i USA av meksikanske narkotikakartell – med godkjenning frå amerikanske styresmakter.
Frå offisielt hald vert skandalen skildra som eit stort feilsteg. Men etter kvart som fleire opplysningar vert avdekka tyder mykje på at det låg ein politisk motivasjon bak operasjonen, og at sentrale folk heilt opp i Obama-administrasjonen har visst om han.
- LES OGSÅ: Dødsreisen gjennom Mexico
- LES OGSÅ: – Legalisering vil svekke bandene

Berre 700 av dei 2500 våpna er blitt gjort greie for, fleire år etter at operasjonen vart starta.
Foto: Matt York/ApBror til statsadvokat drepen
Det starta i hausten 2010 med eit brutalt drap på Mario Gonzales, broren til ein av Mexico sine fremste statsadvokatar. Gonzales vart torturert og drepen, og vart eit symbol på den grenselause brutaliteten i den meksikanske narkotikakrigen.
Seinare vart det kjend at drapsvåpenet, ei AK-47-rifle, hadde blitt smugla frå USA gjennom «Operasjon Fast and Furious», som amerikanske styresmakter sto bak.
Sidan har historia om operasjonen som skulle slå ned på illegal våpenhandel utvikla seg vidare til å bli ein potensiell storpolitisk skandale.
Skulle jakte på narkobaronar
«Operasjon Fast and Furious» starta i 2006 som ein måte å kjempe mot våpenstraumen frå USA til Mexico. Namnet er henta frå gangsterfilmane ved same namn. Ved å la utvalde våpensmuglarar som jobba på vegner av meksikanske narkotikakartell få kjøpe våpen med GPS-merking, skulle narkotikapolitiet få viktig informasjon om nøkkelpersonar i dei meksikanske kartella.

Grensevakten Brian Terry vart drepen av ein kriminell som brukte eit våpen kjøpt via Fast and Furious-operasjonen.
ApMen ein stad på vegen har det gått veldig gale. Totalt 2.500 våpen vart seld som eit resultat av operasjonen. Av desse er færre av 700 gjort greie for. Ingen av dei høgtståande kartellmedlemma har blitt arresterte.
Tvert i mot så har operasjonen vore ei rein gåvepakke til dei farlegaste kriminelle i Nord-Amerika. Mange av dei nær 700 våpna ein kjenner til er funnen ved gjerningsstaden der til saman fleire hundre meksikanarar er blitt drepne. Kva som vil skje med resten av våpna kan ingen vete.
- LES OGSÅ: Meksikanarane returnerar til Mexico
- LES OGSÅ: Ber USA stanse våpen til kartellene
– Skandalen var politisk motivert
Journalisten Katie Pavlich har nyleg gitt ut den første boka om temaet, Fast and Furious: Barack Obama’s Bloodiest Scandal. Basert på samtalar ho har hatt med varslarar meiner ho at operasjonen var politisk motivert, og ikkje berre eit feilsteg slik som det vert sagt frå offisielt hald.
– «Operasjon fast and furious» var ikkje berre eit mislukka program. Det var ein kalkulert og dødeleg avgjerd om å, med vilje, plassere tusenvis av dødelege våpen i henda til omsynslause kriminelle.
Pavlich meiner bakgrunnen for operasjonen var å bruke den som eit politisk verktøy til å endre på våpenrettane til vanlege amerikanarar. Ved å vise fram statistikk på at liberale våpenlovar i sørstatane i USA fører til auka kriminalitet blant meksikanske narkotikakartell, skulle dei få folkeopinionen med på innstramming i våpenlovane.
(artikkelen held fram under biletet)

Ein mann skriv namnet på operasjonen på ei papirrifle under ein protest i Mexico City. Politikarar i Mexico rasar over skandalen, og nokre hevdar USA har brote internasjonal rett.
Foto: STRINGER/MEXICO/Reuters– Justisminister Eric Holder fekk tilsendt fem notat med detaljane for operasjonen sommaren 2010, men han seier han ikkje kjende til programmet før i februar 2011, skriv Pavlich i boka.
Ho skriv at operasjonen vart diskutert blant sentrale folk i Obama-administrasjonen, og at dei hadde eit ønske om å bruke operasjonen politisk.
– Dette er mykje verre enn Watergate-skandalen. Ingen døydde under Watergate. Obama ville ikkje fått fire nye år i Det Kvite Hus dersom dette hadde vore kjend for folk flest, seier Pavlich i eit radiointervju.

Justisminister Eric Holder forklarte i ei høyring at operasjonen ikkje var politisk motivert.
Foto: J. Scott Applewhite/Ap– Fleire vil døy
Justisministeren i USA, Eric Holder, har blitt grilla om saka i den amerikanske Kongressen. Han seier at operasjonen var eit stort feilsteg, men vil ikkje erkjenne at operasjonen var eit politisk tiltak heilt opp til Obama-administrasjonen. Holder vil ikkje uttale seg om saka til media før politietterforskinga er over. Men han erkjente i høyringa i Kongressen at det er sannsynleg at dødstala i Mexico vil stige.
– Operasjonen har hatt tragiske følgjer. Og den vil halde fram med å ha tragiske følgjer, sa Holder.
– Vil fleire kome til å døy?, spurte eit Kongressmedlem.
– Uheldigvis så trur eg det er sannsynleg.
Diplomatiske problem
Våpenskandalen har ført til stor frustrasjon hos meksikanske styresmakter. Dei er ikkje blitt informert av amerikanske styresmakter, men kjenner berre til saka gjennom media.
– På ein heilt udugeleg måte har ein sett i gong ein operasjon som førte til at broren min, og sannsynlegvis tusenvis av andre ofre, har mista livet, seier statsadvokat Patricia Gonzalez til LA Times.
Andre seier at dei oppfattar det som eit svik av amerikanske styresmakter å helle bensin på bålet som dei siste åra har ført til over 40.000 drepne i narkotikakrigen i Mexico.
Det meksikanske Senatet har offisielt fordømt handlingane til dei amerikanske styresmaktene, og ein senator har skulda USA for å ha brote internasjonal rett.
Talet på meksikanarar som har blitt drepne som eit resultat av «Operasjon Fast and Furious» er umogleg å seie sikkert. Meksikanske styresmakter rapporterer at talet er om lag 300. Pavlich skriv i boka si at dette er eit minimum, og at det kan vere så mange som fleire tusen.
Hvem er narkotikakartellene i Mexico?
Kartellene består hovedsakelig av sju gjenger, men disse er av og til i allianser.
Blant kjente grupperinger er:
- Arellano Felic Organisation - Holder til i Tijuana
- Cartel Pacifico Sur - langs vestkysten fra nord til Chilpancingo
- Los Zetas - langs hele østkysten, Monterrey og Veracruz
- Sinaloa Federation - Fra El Paso til midtre deler av Mexico og ut mot Stillehavet
- Carrillo Fuentes Organisation - Ciudad Juarez
- Gulf-kartellet: Nordkysten av Mexico-gulfen
- La Familia Michoacana/Knights Templar - Morelia
Kartellene kontrollerer narkotikaleveransen fra Sør- og Sentral-Amerika til USA
Ifølge USAs utenriksdepartement står de for 90 prosent av kokainen som kommer inn i USA
Kartellene omsetter de for rundt 13 milliarder doller i året, tilsvarende rundt 72 milliarder norske kroner
Kilder: BBC, Landguiden.se og Britannica
Les
Barack Obamas presidentperiode
- Innrømmer overvaking av nyheitsbyrå
- Obama i storform på middag
- Til bords med fienden?
- Brev-mistenkt besatt av Elvis
- Arrest i giftbrevsaken i USA
- Nei til ny våpenlov i USA
- – Gift funnet i brev til Senatet
- Kompromiss om mer våpenkontroll
- Obama vil øke skattene for de rike
- Obama inviterte 35.000 til påskelek
- Bin Ladens talsmann for retten
USA
- Bro raste sammen i Washington
- Obamas nye strategi mot terror
- Amerikanske droner drepte Awlaki
- – Beskyttet elevene med kroppen min
- Tornadoskader for mange milliarder
- Tidkrevende tornado-opprydning
- Trodde hun hadde mistet alt
- Fortsatt tornado-fare i Midtvesten
- Isabella: – Klamret meg til pulten
- Dødstallene doblet i Oklahoma
- Blant de sterkeste stormene i USA
Mexico
- Flere døde i eksplosjon i Mexico
- Fant skjulte tunneler under tempel
- Minst 12 døde i bussulykke i Mexico
- Sju drept på bar i Mexico
- Tar opp kampen mot narkokartellene
- Beslagla marihuanakanon i Mexico
- Tvil om alderen til ung mor
- Vitner beskriver Mexico-eksplosjon
- 25 omkomne i eksplosjon i Mexico
- 17 drepne i fangeflukt i Mexico
- Ny president ble innsatt i Mexico




