Staten vurderer å fjerne skattefrådrag for Israel-vener

Den ulovlege busetjinga Alonei Shilo er ein utpost like ved den større busetjinga Karnei Shomron. Norske styresmakter gir skattelette til nordmenn som støttar busetjinga med pengar.
Foto: DAN BALILTY/APStaten vurderer å fjerne skattefrådrag for å donere pengar til ein norsk organisasjon som støttar etablering av ulovlege israelske busetjingar. – Me vil svare med å doble støtta, svarar leiaren av organisasjonen.
Publisert 09.05.2012 11:09.
- Kommentarer
- Skriv ut
Stiftinga Karmel-Instituttet har i lengre tid støtta busetjinga Alonei Shilo på Vestbreidda, som har hausta kritikk frå det internasjonale samfunnet om brot på folkeretten.
I Noreg får ein skattefritak for inntil 12.000 kroner ved støtte til frivillege organisasjonar.
Dermed får altså nordmenn i praksis statsstøtte ved å støtte ei busetjinga som er eit brot på internasjonal folkerett.
- Set deg inn i situasjonen: Israel - grensene og bosettingene
Alonei Shilo-butsetjinga
- Ein israelsk busetjing på Vestbreidda med 35 familier. Husar også rundt 130 jenter som går på Shilat-akademiet.
- Vart etablert i 1999 som den siste utposten til israelarane.
- Ulovleg under Genevekonvensjonen.
- Namnet «Shilo» stammar frå ein israelsk soldat som vart drepen i ei helikopterulukke.
Kjelde: Wikipedia
Israels grense mot Vestbredden
- Våpenhvilelinjen fra 1949 var Israels de facto grense mot Vestbredden, som da var en del av Jordan, fram til seksdagerskrigen i 1967.
- Den skilte seg fra den foreslåtte grensen fra FNs delingsplan for Palestina fra 1947 ved at Israel i løpet av den første israelsk-arabiske krigen hadde tatt vesentlig mer land sør og vest for Vestbredden.
- Grensen delte Jerusalem i to deler: Et israelsk Vest-Jerusalem, og et jordansk Øst-Jerusalem, som inkluderte Gamlebyen med flere steder av stor religiøs betydning; Tempelhøyden og Klagemuren for jødene, Klippedomen og al-Aqsa-moskeen for muslimer og Gravkirken for kristne.
- Øst-Jerusalem ble annektert av Israel umiddelbart etter 1967-krigen.
- I november 1967 krevde FNs sikkerhetsråd at Israel måtte trekke seg tilbake til grensen fra før krigen, et krav FN har opprettholdt siden.
- Israel har avvist 1967-grensen som «uforsvarbar». De ønsker i stedet å trekke opp en ny grense, som vil innlemme grenseområder på Vestbredden med mange jødiske bosetninger i Israel.
- Disse områdene er stor grad allerede skilt fra resten av Vestbredden, av en «sikkerhetsmur» som Israel begynte å bygge i 2002.
- Kilde: NTB
Kan fjerne skattefritaket
Men snart kan dette gå mot slutten.
Då regjeringa la fram statsbudsjettet i fjor haust, vart det samstundes annonsert at regjeringa ville kome til å stramme inn ordninga med skattefritak for gåver til frivillege organisasjonar.
Gåver til organisasjonar som medverkar til brot på folkeretten skal ikkje lenger kvalifisere til skattefritak.
Busetjinga Alonei Shilo er ikkje berre ulovleg etter den internasjonale folkeretten, men er også kontroversiell innanfor Israel.
I 2005 vart fleire av busetjarane arresterte av israelsk politi då dei frakta brakker til Alonei Shilo. Dette skriv Norsk Folkehjelp i ein rapport som handlar om dei norske banda til israelsk okkupasjon.
Karmel-instituttet stadfestar sjølv på sine eigne nettsider at 23 brakker og tre lesesalar i Alonei Shilo er betalt med pengar donert frå nordmenn. I 2010 skal leiaren Jon Skåland hatt med seg heile 600.000 kroner berre på éin tur.
På nettstaden Karmel.net skriv organisasjonen at busetjinga «veks no raskare enn nokon annan brakkeby i heile Israel, takka vere støtte frå Noreg.»
Norsk Folkehjelp krev endring
Etter at reglane blei endra, bad Norsk Folkehjelp Finansdepartementet om å sjå om Karmel-Instituttet er ein organisasjon som ein bør svarteliste og fjerne retten til skattefrådrag på gåver.
Over eit halvt år seinare jobbar framleis Finansdepartementet med saka.
– Finansdepartementet har starta saksførebuing av om Stiftinga Karmel-Instituttet oppfyller vilkåra for utelukking på bakgrunn av oppmoding frå Norsk Folkehjelp. Saka er framleis under behandling i departementet, opplyser statssekretær Roger Skjerva i Finansdepartementet i ein e-post til NRK.no.
Departementet har bede Skattedirektoratet om hjelp i vurderingane.
Statssekretær Skjerva kan ikkje sei konkret når dei vil kome fram til ei avgjerd i saka.
- LES OGSÅ: Israel bryter med FN
- LES OGSÅ: Mossad-topp åtvarar mot Iran-åtak
– Staten opprørar seg som born
Leiaren av Karmel-stiftinga, John Skåland, reagerer sterkt på at Finansdepartementet er i ferd med å greie ut om organisasjonen hans skal bli fråteken retten til skattefritak.

John Skåland i Karmel-stiftinga meiner dei blir utsett for meiningsterror.
Foto: Øystein Ellingsen, Egersund/NRK– At dei lagar nye lover for å ta knekken på ein liten stifting fortel meg at det me held på med er uhyre viktig.
Leiaren har ikkje høve til å gi oversikt over kor mykje dei samla har fått i pengegåver for å byggje opp Alonei Shilo-busetnaden. Men han opplyser at organisasjonsavisa Karmel Israel-nytt har om lag 5000 abonnentar, og at mange av dei donerer pengar.
- LES OGSÅ: Åpner for ny utvidelse av bosetning
- LES OGSÅ: Bosettere og inspektører i slagsmål
– Dobbeltmoralsk
Skåland vil ikkje erkjenne at busetnaden er i strid med folkeretten, og viser til religionen sin når han argumenterer for dette.
Han meiner det er dobbeltmoralsk av norske styresmakter å revurdere støtta medan Norsk Folkehjelp donerer pengar til formål han tykkjer er kontroversielle.
– Norsk Folkehjelp støttar arabarane i Gaza med mykje skattepengar. Det er våre felles pengar, men i vårt tilfelle snakkar me om pengar som privatpersonar donerer av fri vilje.
– Vil de revurdere støtta til Alonei Shilo-busetnaden dersom departementet bestemmer seg for å fjerne skattefrådraget?

Jonas Gahr Støre meiner det er rimeleg av Skatteetaten å starte undersøkjing. Her fotografert i Israel i vår.
Foto: Bondevik, Andreas/SCANPIX– Ja, då vil me sjå det på ein annan måte. Me vil prøve å doble støtta. Me har fått tilbakemelding frå dei største givarane, og me vil i tilfelle bli sett på som ein martyrorganisasjon. Når ein kjenner seg så urettvist behandla vil me berre køyre på endå meir, seier Skåland.
Avisa Karmel Israel-nytt fekk utanriksminister Jonas Gahr Støre i tale om saka då han var på vitjing i Jerusalem i mars.
– Å bidra til å finansiere verksemd som er i strid med folkeretten, det er eg skeptisk til. Eg meiner det er ei rimeleg undersøking Skattedirektoratet har sett i gang, sa Støre.
Kart
Busetjinga Alonei Shilo ligg nordaust for hovudstaden Tel-Aviv.
Kilde: Google MapsLes
Israel
- Pågrep tre ultraortodokse
- Israelske fly bombet Syria
- Ble avhørt og skjelt ut i timesvis
- Kan sjekke turisters e-post
- Vi må elske Israel
- Hackere angiper Israel på søndag
- Abbas stanser alle initiativ i FN
- Israel leitar etter olje
- Går i Jesu fotspor på langfredagen
- Israel betaler erstatning
- Mossad-agent ga videre informasjon
Nyheter fra verden
2000 står fast ved grenseovergang - Far innrømmer barnedrap
- Bråk mellom salafister og politi
- Offensiv mot opprørskontrollert by
- Privatisering skaper fotballstorm
- 24-åring pågrepet for gullsmedran
- Lottogevinst på 3,5 milliarder
- Toppolitikar drepen i Pakistan
- Flere drept i angrep i Irak
- Farvel til et kriserammet Europa




