Obama går inn for homoekteskap

Ray Durand og ektemannen Dale Shields kyssar etter å ha blitt dei første som gifta seg i New York etter at homoekteskap vart lovleg i sommar. No har dei også Obama si støtte.
Foto: POOL/ReutersDen amerikanske presidenten Barack Obama annonserte i dag at han no går inn for å legalisere homofile ekteskap.
Publisert 09.05.2012 21:16. Oppdatert 09.05.2012 21:25.
- Kommentarer
- Skriv ut
Dermed er Obama den første sitjande president som går inn for ekteskap mellom to personar av same kjønn.
Det var i eit intervju med tv-kanalen ABC at Obama kom med annonseringa, skriv Huffington Post.
- LES OGSÅ: Homofile kan bli soldater i USA
- LES OGSÅ: Obama hjelper unge ut av skapet

Barack Obama er i dag blitt historisk ved at han er den første sitjande presidenten som gir støtte til ekteskap mellom same kjønn.
Foto: LARRY DOWNING/ReutersBlitt pressa i fleire år
Det homofile miljøet i USA har i fleire år oppfordra presidenten til å snu i ekteskapsspørsmålet. Temaet har vore oppe i den offentlege debatten i USA dei siste vekene, og presset har dermed auka på Obama.
På søndag fortalte visepresident Joseph Biden at han personleg var komfortabel med homofile ekteskap. Dagen etter gjekk også utdanningsministeren i USA ut og sa det same.
Men det er ikkje berre grunn for å feire for dei homofile i USA. I går vedtok nemleg delstaten Nord-Carolina ein lov som definerer eit ekteskap for å vere mellom mann og kvinne.
Obama gav uttrykk for vonbrot over lova, men det var openbart vanskeleg for han å fordømme lova samtidig som han sjølv ikkje ville gi si støtte til homoekteskap.
Minimal politisk innverknad
Det at Obama no går inn for homofile ekteskap vil ikkje ha noko stor politisk innverknad. Det meste vert nemleg avgjort på delstatsnivå eller i rettssalane. Til dømes så vedtok retten i California i februar i år at eit forbod mot homofile ekteskap var i strid med Grunnlova.
Likevel er det klart at Obama si støtte vil ha ein svært stor symboleffekt. Ved å vere den første presidenten som går inn for homoekteskap gjer han terskelen mykje lågare for andre politikarar.
Det er i dag 30 amerikanske statar som har eit forbod mot homofile ekteskap.
Barack Obamas presidentperiode
- Innrømmer overvaking av nyheitsbyrå
- Obama i storform på middag
- Til bords med fienden?
- Brev-mistenkt besatt av Elvis
- Arrest i giftbrevsaken i USA
- Nei til ny våpenlov i USA
- – Gift funnet i brev til Senatet
- Kompromiss om mer våpenkontroll
- Obama vil øke skattene for de rike
- Obama inviterte 35.000 til påskelek
- Bin Ladens talsmann for retten
Nyheter fra verden
Brite pågrepet for barnedrap - Bråk mellom salafister og politi
- Offensiv mot opprørskontrollert by
- Privatisering skaper fotballstorm
- 24-åring pågrepet for gullsmedran
- Lottogevinst på 3,5 milliarder
- Toppolitikar drepen i Pakistan
- Flere drept i angrep i Irak
- Farvel til et kriserammet Europa
- Tre skutt under ran i Sverige




