– Golvet byrja å gynge, så vi sprang ut på gata

BYGGET RISTA: Då jordskjelvet råka Nord-Italia i natt sprang Linn Støme og vennane hennar ut på gatene, der fleire gamle bygg var øydelagde av jordskjelvet.
Privat/StringerLinn Støme frå Oslo studerer i Modena og merka det kraftige jordskjelvet godt. Ho og venene sprang ned frå sjette etasje og ut på vegen då bygget byrja å riste.
Publisert 20.05.2012 12:55. Oppdatert 20.05.2012 12:56.
- Skriv ut
– Vi arrangerte ein fest heime med meg, så vi var mange vener som var samla. Plutseleg byrja golvet å skjelve, og bygget starta å gynge, fortel Linn Støme som studerer samfunnsøkonomi i den italienske byen.
LES: Kraftig jordskjelv i Nord-Italia
– Så byrja bilete og pynt å falle ned frå hyller og veggar, så vi sprang ned trappa frå sjette etasje og ut på vegen, held ho fram.
– Folk gret og var veldig stressa
Gatene fylte seg opp gråtande folk som var veldig redde.
– Eg blei litt perpleks, som nordmann er vi ikkje vande med jordskjelv og tenker gjerne at det ordnar seg, men italienarane som stod ute på gata var veldig stressa, seier den norske studenten.
I Modena var det ein spesiell kveld fordi alle butikkane var nattopne, så det var mykje folk ute allereie før jordskjelvet tok til.
– Etter jordskjelvet hadde gått byrja gatene å fylle seg opp endå meir med folk som ikkje følte dei kunne vere heime, folk gret og var veldig stressa, seier Linn.
Mange gamle bygningar er øydelagde
Minst fem personar er til no funne døde i jordskjelvet som skjedde klokka fire i natt i Nord-Italia.
Mellom anna døydde ei 37 år gamal tysk kvinne fordi ho ikkje fekk puste – truleg var dette eit angstanfall utløyst av jordskjelvet.
Det har så langt ikkje kome inn meldingar om skadde eller sakna nordmenn.
Redningsmannskap jobbar på spreng for å redde ut menneske som er fanga inne i samanraste bygningar.
– Det er mange gamle bygningar og hus som er øydelagde her i byen, fortel studenten.
Får beskjed om å halde seg lågt nede
Ei rekkje etterskjelv ramma området, og myndigheitene måtte be innbyggjarane om å halde seg heime. Ifølgje italienske medium er det venta eit nytt jordskjelv før klokka seks i ettermiddag.
– Vi har fått beskjed om å halde oss unna høge etasjar dersom det blir eit nytt skjelv seinare i dag, fortel Linn.
– Dersom det kjem eit nytt skjelv slik dei fryktar skal vi halde oss utandørs, og i alle fall langt unna gamle bygningar, legg ho til.
Kart
Modena er like utanfor Bologna der jordskjelvet har gjort store skader på mange historiske bygg.
Kilde: Google MapsItalia
- Berlusconis anke nådde ikke frem
- Åtte syv i skipsulykke i Italia
- 29 arrestert for bagasjetyverier
- Etterforsker rasehets i Italia
- – Italia sparer seg til døde
- Skyting ved regjeringsbygg i Roma
- Letta har løst regjeringsfloken
- Enrico Letta skal danne regjering
- Napolitano er gjenvalgt
- Prodi nådde ikke opp i Italia
- Klarte ikke å velge ny president
Nyheter fra verden
2000 står fast ved grenseovergang - Far innrømmer barnedrap
- Bråk mellom salafister og politi
- Offensiv mot opprørskontrollert by
- Privatisering skaper fotballstorm
- 24-åring pågrepet for gullsmedran
- Lottogevinst på 3,5 milliarder
- Toppolitikar drepen i Pakistan
- Flere drept i angrep i Irak
- Farvel til et kriserammet Europa




