Sendte torpedo på feil mann

HAR ARRESTERT TRE: Politiet i Malmö har arrestert tre kvinner mistenkte for samansverjing til drap på ein notorisk kriminell, men som enda i at ein uskuldig tobarnsfar blei drepen i staden for.
Foto: EARTHY, MARK/SCANPIXPolitiet i Sverige mistenker at ei mor og dotter leigde ein torpedo til å drepe mannen som tok livet av ektemannen og faren. Men torpedoen drap feil mann.
Publisert 24.05.2012 11:27.
- Skriv ut
Mora på 55 år og dottera på 28 år ville hemne seg på eit mord. Men leigemordaren tok feil, og drap den uskuldige tobarnsfaren Charles Limerius i staden for.
3. januar blei 48 år gamle Limerius skoten rett utanfor heimen sin i Malmö i Sverige. Drapet var det femte i byen på ein og ein halv månad.
Gjennombrot i etterforskinga
Politiet fann ingen tydelege motiv for at nokon ville drepe den høgt utdanna og respekterte tobarnsfaren.
Ut i etterforskinga byrja politiet å mistenke at mordaren hadde forveksla Limenius med ein annan, og at feil person var blitt drepen.
Tre kvinner er arresterte
For to dagar sidan fekk politiet eit gjennombrot i etterforskinga. Tre kvinner blei arresterte, mistenkte for å ha planlagt eit mord, og for å halde tilbake informasjon om drapet.
To av kvinnene er ei mor og ei dotter. For 20 år sidan blei ektemannen og faren deira drepen i eit skotdrama. Ein 54 år gamal mann blei dømt for drapet.
Den tredje kvinna på 50 år som også sit i varetekt, blei utsett for grove overgrep og valdtekt for tre år sidan av same mannen.
Teorien til politiet er at dei tre er komne i kontakt med kvarandre då dei alle er offer for handlingane til den same 54-åringen.
Peter Mangs var også ute etter han

VILLE DREPE: Rettssaka mot Peter Mangs er i gang. Han er tiltalt for fleire drap og drapsforsøk, mellom anna på 54-åringen.
Foto: DRAGO PRVULOVIC/Afp54-åringen er tidlegare dømt for fleire lovbrot, og er blant dei som den drapssikta «Malmö-skyttaren» Peter Mangs skal ha spionert på og planlagt å drepe.
LES: Mangs forklarte seg i retten
Mangs har innrømt at han ved fleire tilfelle har stått væpna utanfor leilegheita til den 54-årige mannen og venta på han, men at han aldri dukka opp.
Årsaka til at Mangs var ute etter han, skal vere at 54-åringen utsette barnet til ein av Mangs sine vener for overgrep, noko han også er dømt for.
– Dei er påfallande like
Politiet trur at leigemordaren som kvinnene betalte for å drepe 54-åringen, skaut feil mann. I staden blei tobarnsfaren Charles, som bur i nærleiken, eit uskuldig offer.
– Mannen som blei drepen, og 54-åringen som truleg var målet, er påfallande like i utsjånaden, seier operasjonsleiar Monica Olhed.
Den 54-årige mannen sit for augneblinken i varetekt for eit anna lovbrot.
Alle nektar
I dag forklarar den drapsmistenkte 28-åringen seg i Malmö tingrett. Han nektar for å ha utført drapet.
Den 28 år gamle kvinna avviser også påstandane om at ho står bak planlegginga av drapet, ifølgje advokaten hennar. Mora gir ingen kommentar.
Desse er innblanda
- DREPEN: Charles Limerius (48). Politiet meiner alt tyder på at Charles blei drepen ved ein feil, og at gjerningsmannen eigentleg var ute etter ein 54-år gamal mann. Charles var ein respektert tobarnsfar og trenar i eit idrettslag.
- MISTENKT DRAPSMANN: Ein 28 år gamal mann sit i varetekt, mistenkt for mordet på Charles. Han skal ha blitt leigd av tre kvinner for å utføre mordet på 54-åringen, men skaut feil person.
- TILTENKT OFFER: Ein mann på 54 som blei dømt for drap tidleg på 1990-talet. Han sit for augneblinken i fengsel for mellom anna våpenlovbrot. Han skal vere påfallande lik Charles Limerius.
- LEIGDE TORPEDO: Ei kvinne på 28 er mistenkt for å ha leigd den mistenkte mordaren, som ho tidlegare har hatt eit forhold til, for å drepe den 54 år gamle mannen. Ho er dottera til den 55 år gamle kvinna. Faren hennar blei drepen av 54-åringen.
- LEIGDE TORPEDO 2: Kvinne på 55 er mistenkt for å ha leigd den mistenkte mordaren for å drepe 54-åringen. Sambuaren hennar blei drepen av den same 54-åringen. Ho er mora til den 28 år gamle kvinna, og skal vere ein kjenning av politiet.
- VILLE HA HEMN: Kvinna på 50 år er den tredje som er mistenkt for å leige torpedoen for å drepe 54-åringen. Ho blei utsett for fleire alvorlege overgrep, mellom anna valdtekt. Tidlegare dømt for fleire små lovbrot.
- VILLE HA HEMN 2: 40 år gamle Peter Mangs er mistenkt for å ha planlagt å drepe 54-åringen. Eitt av punkta i tiltalen mot Mangs er det planlagde drapet. Motivet skal vere at 53-åringen utførte overgrep på dottera til ein av Mangs sine vener i 2003.
Kjelde: Aftonbladet
Sverige
- Nye opptøyer i Stockholm
- Quick frifunnet for nok et drap
- Nabo: – Forstår ungdommen fullt ut
- Opprøret held fram i Stockholm
- Reinfeldt fordømmer volden i Husby
- Barn deltar i opptøyene
- Flere biler satt i brann i Sverige
- Flere politifolk skadd i Stockholm
- 24-åring pågrepet for gullsmedran
- Tre skutt under ran i Sverige
- Båt krasjet i boligblokk i Sverige

To razziaer etter kjøttøks-drap


