Politimann drepen av sjølvmordsbombe i Tyrkia
Kart
TO GJERNINGSMENN: Ein sjølvmordsbombar omkom og ein skal ha overlevd då dei gjekk til åtak på ein politistasjon i Tyrkia.
Kilde: Google MapsEin sjølvmordsbombar tok livet av ein politimann og skada 19 andre personar utanfor ein politistasjon i Tyrkia. Gjerningsmann nummer to skal ha overlevd eksplosjonen.
Publisert 25.05.2012 10:06. Oppdatert 25.05.2012 11:29.
- Skriv ut
Ei bombe eksploderte i ein bil utanfor politistasjonen den midtre Kayseri-provinsen i Tyrkia i dag.
Kayseri er lokalisert 325 kilometer søraust for den tyrkiske hovudstaden Ankara.
Ein politimann blei drepen i bombeåtaket, samt ein av gjerningsmennene som sat i bilen. Ein annan politimann blei også skadd.
– Ein gjerningsmann overlevde
Bombeåtaket tok livet av ein gjerningsmann og ein politimann, og såra om lag 20 sivile personar som var i nærleiken av politistasjonen. Seks av desse skal vere alvorleg skadde, ifølgje nyheitskanalen NTV.
– Vi høyrte eit stort smell sjølv om kontoret vårt er to kilometer vekk frå politistasjonen, seier eit vitne som var på jobb på det lokale rådhuset.

ISTANBUL: 5. mars i år blei 16 personar skadde i bombeeksplosjon. Ingen tok på seg ansvaret for dette åtaket, heller.
Foto: OSMAN ORSAL/Reuters– Vi såg ei stor røyksky som steig opp, men vi anar ikkje omfanget av eksplosjonen frå her vi står no, seier vitnet til nyheitsbyrået Reuters.
Ingen tek på seg ansvaret
Ifølgje fleire nyheitsbyrå og tyrkiske TV-kanalar skal det ha vore ein annan gjerningsmann i bilen saman med sjølvmordsbombaren som døydde.
Ifølgje tyrkiske medium skal det vere ein person til involvert i åtaket. Den andre personen i bilen skal ha overlevd eksplosjonen.
Både kurdiske, islamistiske, inkludert al Qaida, og venstreekstremistiske militante grupperingar har tidlegare gjennomført bombeåtak i Istanbul.
Men ingen tok umiddelbart på seg ansvaret for bilbomba som gjekk av utanfor politistasjonen i Kayseri i dag.
- LES OGSÅ: Krangel mellom Irak og Tyrkia
- LES OGSÅ: Kamper ved syrisk-tyrkisk grense
Tv-kanalen NTV sa at gjerningsmannen hadde prøvd å køyre bilen nært inntil politistasjonen rett før eksplosjonen.
Fleire militante grupper går til åtak
5. mars i år blei 16 personar, deriblant 15 politimenn, skadde i ein bombeeksplosjon i Istanbul. Ingen tok på seg ansvaret for bombeåtaket, som blei utført ved hjelp av fjernkontroll.
I mai 2011 blei åtte personar såra då ei bombe eksploderte nær eit busstopp i det fasjonable Etiler-distriktet i Istanbul, som er den største byen i Tyrkia.
Konflikten i Tyrkia
Tyrkia er eit sosialt splitta land, med enorme forskjellar i utdannings- og inntektsnivå mellom bybefolkninga i vest og dei mindre landsbyane i aust.
Den kurdiske minoriteten i aust utgjer nesten 20 prosent av befolkninga, og har vore diskriminerte i ei årrekkje.
Tyrkisk politikk er prega av spenningar mellom politikarar og sterke statlege institusjonar som rettsvesenet og hæren. I tidsrommet 1984–1999 var det full krig mellom den kurdiske geriljaen PKK og det tyrkiske militæret.
Grove brot på menneskerettane
Landet har i fleire år blitt skulda for grove brot på menneskerettane, særleg mot den kurdiske minoriteten og politiske fangar.
Dei siste åra har regjeringa sett i gang omfattande reformer for å betre situasjonen slik at landet skal oppfylle krava for medlemskap i EU.
Les
Tyrkia
- Turister omkom i luftballong-ulykke
- Ni drept i ny eksplosjon i Tyrkia
- Tyrkia har arrestert hovedmistenkt
- Obama vil fjerne Assad
- Tyrkia: Ni tatt etter bombeangrep
- 41 drept i eksplosjoner i Tyrkia
- Netanyahu beklagar drap på skip
- Öcalan ønsker våpenhvile med Tyrkia
- 29 års borgerkrig kan ta slutt
- Lesbiske fosterforeldre i skjul
- Tyrkias statsminister hudflettes
Nyheter fra verden
Guatemalas ekspresident utlevert - - Ber unge tenne på biler og filme
- Politiet ber om forsterkninger
- Rutefly ba om hjelp mot passasjerer
- Norske styrker i kamper i Kabul
- La seg i bakhold for politiet
- Drapssiktet likevel ikke lølatt
- Fly nødlandet på Heathrow
- Jordskjelv i havet nord for Japan
- Belmokhtar i live




