Rasar mot minister under «Fast and Furious»-høyring

Eric Holder møtte tydeleg utålmodige kongressrepresentantar då han møtte til høyring om våpenskandalen i går.
Foto: MARK WILSON/AfpNye bevis viser at justisdepartementet i USA var ansvarlege for våpensmuglinga til Mexico som kan ha ført til at fleire tusen liv har gått tapt. Kongresspolitikarane rasar over mangelen på openheit.
Publisert 11.06.2012 07:33.
- Kommentarer
- Skriv ut
For ein månad sidan skreiv NRK.no om «Fast and Furious»-skandalen i USA, der amerikanske styresmakter med viten og vilje har latt meksikanske narkokartell få smugle våpen over grensa til Mexico for å kunne spore dei verste kriminelle.
Operasjonen vart ein skandale – ingen vart arresterte og så mange som fleire tusen kan ha mista livet som eit resultat av våpensmuglinga.
- LES SAKA: Våpenskandale rystar Amerika
Journalisten Katie Pavlich avslørte i boka si at denne aksjonen var kjend heilt opp til Obama-administrasjonen, noko som heile tida har blitt nekta for frå offisielt hald. Men no har den amerikanske Kongressen fått telefonopptak som stadfestar at justisdepartementet har vore ansvarlege for operasjonen.
Justisministeren vart grilla
I går vart USA sin justisminister Eric Holder grilla i den amerikanske Kongressen. Han blei møtt av tydeleg irriterte og utålmodige politikarar, som framleis ikkje har fått dei svara dei ønskjer om kor mykje Holder visste om våpenskandalen.
Den republikanske representanten Darrell Issa, som leier komiteen som undersøkjer saka, seier at dei har fått tilgang til telefonopptak som beviser at nøkkelpersonar i justisdepartementet var informerte om skandalen ved fleire høve, før den amerikanske grensevakta Brian Terry vart drepen.
– Planane for Fast and Furious-skandalen var kjend. Desse telefonopptaka er eit bevis på dette, sa Issa medan han bestemt klaska dokumenta i bordet.
Issa seier han har fått telefonopptaka frå «ei rasande gruppe med varslarar», som er svært frustrerte over at Eric Holder ikkje har bidratt meir for å få fakta fram i lyset.
(artikkelen held fram under biletet)

Berre 700 av dei 2500 våpna er blitt gjort greie for, fleire år etter at operasjonen vart starta.
Foto: Matt York/ApAvfeia skuldingane
Eric Holder held likevel fram med å nekte for at han ikkje visste om operasjonen før den vart kjend i media.
– Det er ingenting i dokumenta våre som indikerer at operasjonen var tillaten.
Holder prøvde å avfeie kritikken og sa at han allereie har vore i åtte høyringar om saka, og at dei har publisert meir en 7600 dokumentsider om saka. Då vart han avbroten av Issa:
– Høyr her, eg er ikkje interessert i dei 7600 sidene.
Lovgivarane meiner nemleg at Holder ikkje har svart konkret på spørsmåla Kongressen har stilt, og at dei må lite på informasjon frå varslarar for å svar på kva som har skjedd.
Trugar med alvorlege sanksjonar
– President Obama lovde i mars 2011 at det skulle bli openheit om saka. Dei ville kome til botn i saka og halde folk ansvarlege. Men ingenting har skjedd. Justisministeren kunne lagt saka død for lenge sidan, men han har ikkje gjort det fordi me trur han prøvar å skjule noko, seier representanten Jason Chaffetz.

Grensevakten Brian Terry vart drepen av ein kriminell som brukte eit våpen kjøpt via Fast and Furious-operasjonen.
ApSituasjonen mellom dei republikanske lovgivarane og justisministeren er no blitt så spent at det no vert vurdert å dømme Holder for forakt for Kongressen.
– Dersom kven som helst i Amerika hadde ignorert Kongressen ville dei hamna i fengsel. Me har ikkje fått dei svara me spør om frå Holder, så eg trur ikkje me har noko anna val enn å dømme han for forakt for Kongressen, seier Chaffetz.
Dette er svært sjeldan at denne sanksjonsmetoden vert brukt – berre 12 gongar sidan 1975 er nokon haldne i forakt for Kongressen. I yttarste fall kan dette føre til fengselsstraff.
Fleire av demokratane har også kravd betre svar frå Holder, men nokon meiner at republikanarane prøvar å slå politisk mynt på skandalen.
– Eg meiner dette er ein politisk kampanje for å setje Obama-administrasjonen i eit dårleg lys, sa demokraten Mike Quigley.
Det er ikkje kjend kva som kjem fram i telefonopptaka frå varslarane, då dei ikkje er blitt offentlege.
USA
- Bro raste sammen i Washington
- Obamas nye strategi mot terror
- Amerikanske droner drepte Awlaki
- – Beskyttet elevene med kroppen min
- Tornadoskader for mange milliarder
- Tidkrevende tornado-opprydning
- Trodde hun hadde mistet alt
- Fortsatt tornado-fare i Midtvesten
- Isabella: – Klamret meg til pulten
- Dødstallene doblet i Oklahoma
- Blant de sterkeste stormene i USA
Barack Obamas presidentperiode
- Innrømmer overvaking av nyheitsbyrå
- Obama i storform på middag
- Til bords med fienden?
- Brev-mistenkt besatt av Elvis
- Arrest i giftbrevsaken i USA
- Nei til ny våpenlov i USA
- – Gift funnet i brev til Senatet
- Kompromiss om mer våpenkontroll
- Obama vil øke skattene for de rike
- Obama inviterte 35.000 til påskelek
- Bin Ladens talsmann for retten
Nyheter fra verden
Guatemalas ekspresident utlevert - - Ber unge tenne på biler og filme
- Politiet ber om forsterkninger
- Rutefly ba om hjelp mot passasjerer
- Norske styrker i kamper i Kabul
- La seg i bakhold for politiet
- Drapssiktet likevel ikke lølatt
- Fly nødlandet på Heathrow
- Jordskjelv i havet nord for Japan
- Belmokhtar i live




