Nær 20 drepne av bombeåtak på buss

SKADD: Nær 30 personar blei skadde og frakta til sjukehus då eit bombeåtak på ein buss tok livet av minst 19 passasjerar.
Foto: HASHAM AHMED/AfpEi bombe eksploderte på ein buss nær byen Peshawar nordvest i Pakistan. Minst 19 personar mista livet og 30 personar blei sende til sjukehus.
Publisert 08.06.2012 12:03. Oppdatert 08.06.2012 13:04.
- Skriv ut
Minst 19 passasjerar er drepne og nærare 30 personar er såra i eit bombeåtak mot ein buss nordvest i Pakistan.
– Alle saman datt på golvet i bussen, folk gret og ropte om hjelp, seier 14 år gamle Jalal Khan som stod i midtgangen av den overfylte bussen då bomba gjekk av.

MISTA FAMILIEN: Ein mann fortvilar over å ha mista fleire familiemedlemar i bombeåtaket mot bussen
Foto: A. MAJEED/AfpBussen skulle frakte statstilsette til jobb då bomba gjekk av.
Bussen full av pakistanske statstilsette
Området nær byen Peshawar er uroleg som følgje av konfliktar mellom sentrale pakistanske myndigheiter, lokale stammeleiarar og grupper med tilknyting til Taliban og al Qaida.
Området har vore utsett for fleire bombeåtak gjennom dei siste fem åra, men valden har roa seg dei siste månadene.
Nedgangen skuldast mellom anna at pakistanske myndigheiter har gjort fleire militære operasjonar mot Taliban.
- LES OGSÅ: – Al-Qaidas nestleder er drept
Ingen har enno teke på seg ansvaret for åtaket, men pakistanske Taliban har gjennomført hundrevis av liknande bombeåtak over heile landet.
Gruppa fører eit blodig opprør i eit forsøk på å styrte regjeringa, delvis på grunn av alliansen regjeringa har med USA.

SJUKEHUS: Ein mann blir behandla for skadene han pådrog seg under bombeåtaket mot ein buss som frakta pakistanske statstilsette på jobb.
Foto: HASHAM AHMED/AfpDet er uklart om eksplosivane blei planta i vegkanten og detonert med fjernstyring, men dette er kjent for å vere tilfelle i slike åtak.
Naboar køyrde skadde til sjukehus
Ifølgje vitne til BBC såg eksplosjonen til å treffe baksida av bussen, som var i fart og køyrte eit lite stykke etter at bomba gjekk av. Ifølgje politiet såg det ut til at bussen var målet for åtaket.
- LES OGSÅ: 23 omkom i busskrasj i Pakistan
Åtaket skjedde nært ein politistasjon på ein hovudveg utanfor Peshawar.
Dei omkomne og skadde blei frakta til fleire sjukehus i Peshawar. Blant dei døde skal det vere minst fire born og nokre kvinner.
TV-bilete frå åstaden viser at bebuarar i området brukte sine eigne bilar og dreiv skytteltrafikk for å frakte dei blodige ofra til sjukehus etter åtaket.
Kart
Kart
Kilde: Google MapsPakistan
- Pakistansk politi: Bestillingsdrap
- Etterlyst etter trippeldrap
- Siktet for drap i Pakistan
- Toppolitikar drepen i Pakistan
- Stålbaron skal lede Pakistan
- Pakistan: Et imponerende comeback
- Sharif erklærer seier i Pakistan
- Lange køer i Pakistan-valget
- Pakistansk valkamp i Noreg
- Bombe mot Pakistan-valget
- Herfra trues demokratiet i Pakistan

- Ber unge tenne på biler og filme


